VIL HINDRE NYE KATASTROFAR: Flaumen i 2014 førte til store skadar, ikkje minst i Flåm. No håpar ordførar Noralv Distad å få vurdert flaumdempande tiltak i den verna Flåmselvi. Foto: arkiv.
VIL HINDRE NYE KATASTROFAR: Flaumen i 2014 førte til store skadar, ikkje minst i Flåm. No håpar ordførar Noralv Distad å få vurdert flaumdempande tiltak i den verna Flåmselvi. Foto: arkiv.

No vil dei bu Flåm på 200-årsflaumen

Aurland kommune har søkt Olje og energidepartementet om lov til å starte konsesjonshandsaming av flaumdempande tiltak i det verna Flåmsvassdraget.

Flåm: For to år sidan gjekk Flåmselvi over sine breidder og gjorde skader for 250 millionar kroner. Vegar, bruer og hus vart vaska vekk, men heldigvis gjekk ingen liv tapt.

LA FRAM RAPPORT: Hydrolog Brian Glover står bak rapporten som ser på kva flaumdempande tiltak som kan gjerast i Flåmselvi. Resultata vart lagt fram på eit folkemøte før helga.
LA FRAM RAPPORT: Hydrolog Brian Glover står bak rapporten som ser på kva flaumdempande tiltak som kan gjerast i Flåmselvi. Resultata vart lagt fram på eit folkemøte før helga.

– Det er alltid sjanse for ein større flaum. Vi veit ikkje storleiken på den neste som kjem, seier hydrolog Brian Glover, miljørådgjevar i Multiconsult.

Etter flaumen vart han engasjert av kommunen for å finne ut korleis dei kan redusere faren for flaumar av typen dei opplevde i 2014.

– Den flaumen er rekna å ha ein returintervall på femti år. Det vil seie at under normale omstende, med eit stabilt klima, så vil det skje i snitt kvart femtiande år.  Med klimaendringane vi no ser, er det venta at slike flaumar vil skje oftare, seier Glover.

Les også: – Umogleg å forutsjå slike katastrofar
Les også: Han håpar på Stortings-ja til utgreiing av verna vassdrag

Forventar større og fleire flaumar

I tida etter storflaumen har det pågått eit omfattande arbeid med å rydde opp og reparere skadene. Elva har fleire stader blitt plastra for å hindre at vatnet skal gjere like stor skade neste gong.

UROA: Ordførar Noralv Distad ønskjer å sikre Flåm for nye flaumkatastrofar.
UROA: Ordførar Noralv Distad ønskjer å sikre Flåm for nye flaumkatastrofar.

Men det er ikkje nok til å takle dei flaumane som er venta i framtida. Dei vil ikkje berre kome hyppigare, dei vil òg bli større enn dei vi har sett før. Dei nye flaumsonekarta til NVE tek høgde for ein tohundreårsflaum. I eit slikt scenario vil ikkje plastringar vere tilstrekkelege.

Difor ønskjer kommunen no å få vurdert dei flaumdempande tiltaka den innleigde hydrologen føreslår.

– Stortinget har opna for flaumdempande tiltak i verna vassdrag dersom liv og helse står på spel. Det meiner vi no er dokumentert, at vi har utsette område og at det er mogleg å gjere noko for å verna liv og helse til innbyggjarane. Då er det veldig viktig for oss å få dette vurdert, seier ordførar Noralv Distad.

Til departementet er det tre grep dei føresler. Det eine er å endre bruken av Klevevatn, magasinet til Kjosfossen kraftverk, hovudsakleg ved å tappe ned magasinet noko før hausten kjem.

UROA FOR MILJØET: Fleire av tilhøyrarane i salen var uroa for miljøkonsekvensane då rapporten om flaumtiltaka vart lagd fram.
UROA FOR MILJØET: Fleire av tilhøyrarane i salen var uroa for miljøkonsekvensane då rapporten om flaumtiltaka vart lagd fram.

Flaumtoppen er den store syndaren

SKREMMANDE: NVE har laga nye flaumsonekart for Flåm, som illustrerer vasstanden ved ulike flaumscenario. Flåmselvi er markert i blått, den oransje fargen illustrerer ein 200-årsflaum, medan den lyseblå fargen viser utfallet når klimaendringane er tekne høgde for. Illustrasjon: NVE.

Dei andre to forslaga krev både investeringar og konsjesjonshandsaming, ein langvarig prosess med høyringar der fordelar og ulemper blir vegne opp mot kvarandre. 

Her handlar det om å auke tappekapasiteten i Klevevatn, samt å byggje ein flaumttunnel over til Viddalsmagasinet.

Poenget med alle tre tiltaka er å redusere flaumtoppane. For det er den maksimale vassføringa som fører til erosjon og dermed gjer størst skade.

– Når dempingane blir sett i effekt, så vil toppane bli reduserte og skadeomfanget bli mindre for den same hendinga, seier Glover.

– Verneinteressene vil bli høyrde

Flåmselvi er altså eit verna vassdrag og ei nasjonal lakseelv. Det er difor strenge reglar for kva som er lov til å gjere og unnataka er få.

Poenget med konsesjonshandsaminga er nettopp å vurdere omsynet til tryggleiken til folk opp mot omsynet til miljøet og villfisken.  

– Det er moment som heilt klart må vurderast. Det vil bli naturinngrep, og det kan ha andre skadeverknader, som ein må vurdere opp mot liv og helse. Viss tiltaka er relativt skånsame, slik eg oppfattar at dei er, så må dei vere akseptable. Men vi må vere opne for at det er verneinteresser og eg er ikkje redd for at dei ikkje får sleppe til, seier Distad.

Til toppen