SKYTTELBUSS: Planane om ein skyttelbuss mellom Øvre Årdal og Årdalstangen har eksistert lenge. No er prosjektet kome inn som eige punkt i temaplanen for utedrift, og kommunen skal gå i gang med å søkja etter midlar. 
SKYTTELBUSS: Planane om ein skyttelbuss mellom Øvre Årdal og Årdalstangen har eksistert lenge. No er prosjektet kome inn som eige punkt i temaplanen for utedrift, og kommunen skal gå i gang med å søkja etter midlar.  (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

No vil dei realisere skyttelbuss-prosjektet

Hilmar Høl og Arbeidarpartiet framja forslag om å realisera skyttelbuss-prosjektet.

Årdal: Å få til ein skyttelbuss i trafikk mellom Øvre Årdal og Årdalstangen har vore noko dei folkevalde har ønskt lenge, men prosjektet har stort sett vore innpakka i ei prioritert liste i ein eller annan plan.

No ser det endeleg ut til at prosjektet blir ein realitet. Då kommunestyret i møtet torsdag handsama temaplanen for utedrift, fremja Høl forslag om å realisere dette prosjektet i samarbeid med Årdal Utvikling. Dette kjem i etterdrønningane av samlokaliseringa av helsetenestene i kommunen til Øvre Årdal. 

– Det krev ein skyttelbuss med daglege avgangar. Det må me klara sjølv, og ut frå avetningar knytt til miljøfondet må framtidig løysing finnast på det. Me har to store lokalsamfunn som treng meir tilrettelagt skytteltrafikk. Å gå til klimadirektoratet er også ei interessant sak for å få utløyst midlar, sa Høl. 

Reduserer klimagass

Den ideen var det Sandra Opheim (MDG) som kom med forslag om å få inn som punkt. Som Porten.no tidlegare har skrive om, var ho svært glad då regjeringa sa dei ville satse 100 millionar kroner til prosjekt som tar ned utsleppet av klimagass.

Ein skyttelbuss er eit veldig godt døme på eit slikt prosjekt saman med ei rekkje andre tiltak. I formannskapet fremja ho som kjend forslag om å redusere trafikken i sentrum og rundt skulane. I kommunestyret fekk Opheim inn eit samrøystes vedtak på at kommunen skal søkja om slike midlar.

– Dei Grøne meiner kommunen må vere frampå og søkja om midlar. Det er godt kjend at klimafondet er spinkelt. Me har fleire tiltak, og eg meiner kommunen har gode sjansar for å få midlar, sa Opheim.

STØTTAR: Kurt Jevnaker (V) støttar forslaget føresett at bussen har ein miljøprofil.
STØTTAR: Kurt Jevnaker (V) støttar forslaget føresett at bussen har ein miljøprofil.

Miljøprofil

Kurt Jevnaker (V) likte forslaga.

– Eg er glad for punktet om å redusere trafikk rundt skulane. Eg bur nære ein skule og ser at ein godt kan redusera trafikken der. I tillegg synest eg skyttelbuss er positivt og støttar det føresett at det har ein miljøprofil, sa han. 

Avgangar kvar halvtime

Det er Årdal Utvikling som skal køyre dette løpet, som har to delar. Den eine delen er å førebu ein søknad til Miljødirektoratet. Den andre delen er å vurdere tiltak som kan flytte trafikk over frå privatbil til offentleg transport.

– Tanken er at me skal førebu ein søknad no i juni, og så skal me ut frå prosjektet me har køyrt tidlegare sjå nærare på det og koma med eit forslag tidleg på hausten, forklarar dagleg leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg.

For 3,5 år sidan leverte dei eit prosjekt til handsaming, men den gongen vart det ikkje gjort noko med. Hovudmålet er å redusere avstanden mellom Øvre Årdal og Årdalstangen og gjere handel og kommunale tenester meir tilgjengelege. Dette skal ein klare med avgangar kvart halvtime frå tidleg morgon til seine kvelden.

Prislapp: 1-3 millionar kroner

Det er venta at dette vil koste kommunen mellom 1-3 millionar kroner i subsidierte midlar kvart år. Då må ein finna inntektsgrunnlag som kan forsvare dette. 

– Så får ein sjå kva det blir. Parkeringsavgift er eit døme på slike tiltak. Ein får sjå om ein klarar å finne ein modell som passar og er økonomisk forsvarleg, forklarar Laberg vidare. 

– Dette har også noko med at fylkeskommunen har skifta leverandør av lokalbusstenester frå Nettbuss til Tide. Det betyr at me må ha ein runde med ein ny aktør for å tenkja samarbeid og samordning. 

Også dalane med Utladalen og Seimsdalen, og ikkje minst vegen til Turtagrø, må koplast betre på. Her kan ein trekkja reiselivssatsinga inn. 

Til toppen