NYTT HEFTE: Turhefta til Åge Årdal har no blitt ein trilogi, no er det sykkelrutene han tek for seg. I helga var han på Lærdalsmarknaden for å promotera nyutgjevinga.
NYTT HEFTE: Turhefta til Åge Årdal har no blitt ein trilogi, no er det sykkelrutene han tek for seg. I helga var han på Lærdalsmarknaden for å promotera nyutgjevinga. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

No vil han ha lærdølene ut på sykkeltur i heimkommunen

Åge Årdal har inspirert mange lærdøler ut i naturen med gåhefta sine. No vil han at dei skal oppdaga ukjende perler frå sykkelsetet.

Lærdal: Åge Årdal er aktuell med sitt tredje turhefte, denne gongen med ein litt ny vri.

– Med dei to andre har eg brukt opp gåturane, no tenkte eg eg skulle ha eit om sykling. Men eg har lagt inn enkelte gåturar på slutten av sykkelturane, slik at du kan kombinera det å gå og sykla, seier Årdal.

Årdal meiner Lærdal bør vera eit mekka for sykkelglade. Bortsett frå litt stigning opp til Borgund og Maristova, er det meste flatt og fint, det gjeld òg inn i sidedalane.

FAVORITTEN: Her er sykkelturen Åge Årdal sjølv likar best. Skjermdump: Sykle og (gå) i Lærdal

– Det einaste som er litt bratt er opp til anleggsvegane som er laga i samband med kraftutbygginga. Sidan vegdekket er ganske godt, så ligg det til rette for sykling der òg, seier Årdal.

Her er favoritten:

Han trur folk flest ikkje er klar over kva for sykkeleldorado som omringer dei.

– Det er difor eg har laga dette heftet. Spesielt i fjellet her med anleggsvegane trur eg ikkje alle øyringar er klar over kva moglegheiter som finst, seier han.

Hans personlege favoritt er ruta som går gjennom Valdresdalen frå Sluten på Filefjell og inn til Riskalsvatnet.

– Det er ein flott sykkeltur. Det er eit stykkje då, eit par og tjue kilometer, men eg har no dagen, då kan eg no bruka han, seier Årdal.

Naturoppleving i seg sjølv

Salet av dei to første hefta gjekk unna, men det nye har gått litt tråare. Utan at eg veit kvifor.

– Kanskje det ikkje inspirerer like mykje å sykla som å gå, lurer Årdal.

Det er mykje arbeid bak hefta. Bileta har han teke oppgjennom åra, han har teikna inn rutene på kart, laga høgdeprofil og skrive om dei kulturhistoriske godbitane du passerer på vegen. 

– Dei som kanskje ikkje greiar å sykla, kan dei få ein liten naturoppleving berre ved å lesa her, seier Årdal.

Til toppen