UNDERSØKING: Rådmann Olve Fossedal og ordførar Arild Ingar Lægreid sender i desse dagar ut spørjeskjema til fleire innbyggjarar i Årdal og ønskjer tilbakemeldingar på kva som er bra og dårleg med tenestene kommunen yter. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UNDERSØKING: Rådmann Olve Fossedal og ordførar Arild Ingar Lægreid sender i desse dagar ut spørjeskjema til fleire innbyggjarar i Årdal og ønskjer tilbakemeldingar på kva som er bra og dårleg med tenestene kommunen yter. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

No vil kommunen høyre kva du meiner om tenestene deira

I løpet av dei neste vekene vil hundrevis av årdøler få eit spørjeskjema i postkassa. No ber ordføraren om at du svarar. 

Årdal: Gjennom ei innbyggjarundersøking håpar kommunen å lære meir om kva folk meiner om tenestene dei yter, korleis det er å bu i Årdal og om korleis folk synest lokaldemokratiet fungerer.

– Me håpar å få ei litt meir grundig tilbakemelding på korleis folk opplever ting, seier ordførar Arild Ingar Lægreid. 

Difor vil vel 1200 av innbyggjarane i Årdal få brevet i postkassa i løpet av dei neste vekene. 

– Me har valt å gå ut med papir for å få flest mogleg svar, men me håpar dei vil svare på nett. Uansett får dei med ein frankert konvolutt slik at dei slepp utgifter.

Håpar på mange svar

Det er frivillig om ein vil delta, men rådmann Olve Fossedal seier dei helst må ha ein svarprosent på over 40 for at dei skal kunne stole på informasjonen. Det er heilt tilfeldig kven som er trekt ut til å svare.

– Hensikten er å få ei tilbakemelding på korleis innbyggjarane opplever tenestene. Ofte er det forskjell i synet på dei som har høyrt om ei teneste og dei som mottek ei teneste. Med denne informasjonen kan me prøve å forbedre desse tenestene, seier han.

– Det er mellom anna eit skrivefelt til slutt i undersøkinga der folk kan skrive om noko dei er særleg opptekne av, så vil me ta omsyn til innspela så langt det går innanfor rammene kommunen har på økonomi og andre ressursar.

Resultatet klart før jul

Også i dag får både rådmann og ordførar tilbakemeldingar. Nokre sender e-post, andre ringer, medan det også er nokon som møter opp personleg. Ordføraren skulle ønskja han fekk endå fleire slike tilbakemeldingar, og det kan han få no.

Undersøkinga er heilt anonym, og svara vert sendt inn til eit selskap som bearbeidar informasjonen. Planen er at denne skal leggjast fram for dei folkevalde før jul.

Til toppen