VIL BYGGJE LØYPER: Utvikling av løyper til stisykling står på agendaen til både Sogn skisenter i Luster og Sogndal skisenter. No vil dei to styrke samarbeidet. Foto: Vegard Voll Bøyum.
VIL BYGGJE LØYPER: Utvikling av løyper til stisykling står på agendaen til både Sogn skisenter i Luster og Sogndal skisenter. No vil dei to styrke samarbeidet. Foto: Vegard Voll Bøyum. (Foto: Vegard Voll Bøyum)

No vil skisentera i Sogn satse på stisykling

Byggjing av løyper til stisykling er eitt eksempel på korleis skisentera Sogndal og Luster kan styrke samarbeidet.

Sogndal/Luster: Begge skisentera i Sogn ser at dei har fått auka trafikk av å innføre eit felles skikort, det såkalla «Sognapasset». No vil dei gå saman for å finne nye område å samarbeide på.

– Me ser med spenning på utviklinga av stisyklingsløyper som no blir bygde på Heggmyrane. Det å kunne utvide aktivitetstilbodet til barmarksaktivitetar vil vere viktig i tida som kjem for begge skisentera, skriv Sogn Næring i ei pressemelding.

Les også: Då syklistane inntok skogane vart det kamp om reviret

Vil styrke samarbeidet

Sogndal kommune har sagt dei vil støtte initiativet med 40 000 kroner, under føresetnad av at Luster kommune gjer det same. 

– Målet er å få til auka samarbeid mellom skisentera, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Sogn Næring og Sogndal skisenter.

– Me samarbeider i dag godt på marknadsføringssida, og erfaringane frå dette samarbeidet dannar eit godt utgangspunkt for også å kunne jobba saman på andre felt, til dømes om framtidige aktivitetar på sommaren, seier han.

Ønskjer ny trakkemaskin

Samstundes har styret i Sogn Næring bestemt å gi 100 000 kroner frå næringsfondet til kommunen til ny trakkemaskin i Hodlekve. 

Skisenteret er i tingingar med ei brukt maskin frå Beitostølen til om lag 1,5 millionar kroner.

– Trakkemaskina er utruleg viktig for å oppretthalde satsinga på langrennsløyper i området, men det er eit stort gap mellom inntekter og utgifter knytt til preparering av løyper,  seier avtroppande dagleg leiar i skisenteret Cecilie Marese Grendahl.

Til toppen