SIGER: Årdal FK sigra 1 - 2 mot Jevnaker på bortebane. Arkivfoto
SIGER: Årdal FK sigra 1 - 2 mot Jevnaker på bortebane. Arkivfoto

Nok ein siger for Årdal FK

Førre helg tok Årdal FK ein solid 10-0 siger mot Sander. Lørdag tok laget frå Årdal turen til Jevnaker. 

Jevnaker – Årdal FK 1-2

Årdal: Lørdag spela Årdal FK mot laget Jevnaker på Jevnaker stadion. 

Etter berre tre minutt skorar Jevnaker det første målet i kampen. Skoringa kjem frå spelar nummer 9 Romero Julien.

Jevnaker fekk også det første gule kortet etter å ha lagt Truls Hovland i bakken.

Like før pause, etter 38 minutt, skorar Terje Kvam Øvstetun for Årdal FK. Eirik Rode tek frispark som havnar i feltet, der får Preben Strypet tak i ballen og får spelt den vidare til Øvstetun som enkelt sett ballen i mål.

Til pause stod det 1 -1 på Jevnaker Stadion. 

God andre omgang for Årdal FK

I andre omgang blir Endre Kauppi Straumsheim bytta med Marcin Brzykcy og Eirik Rode blir bytta med Fredrik Sørli.  

Etter 77 minutt kjem andre målet for Årdal FK. Truls Hovland headar Årdal FK i leiinga etter eit innlegg frå Christian Stedje. 

Årdal FK gjer sitt tredje bytte etter 85 minutt. Då blir Preben Strypet bytta ut og inn kom Robin Moheim. 

Bortelaget sine supportarar kåra Brett Fellows som dagens spelar. 

Kampen enda 1-2 og Årdal FK kan derfor reise heim med 3 nye poeng. 

Til toppen