RESULTATLAUST: Heller ikkje med hjelp frå spesialhundar greidde leitemannskapet å finne den sakna 37-åringen på Haukåsen. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik.
RESULTATLAUST: Heller ikkje med hjelp frå spesialhundar greidde leitemannskapet å finne den sakna 37-åringen på Haukåsen. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik.

Nok eit resultatlaust søk

To spesialhundar frå Bergen bidrog i leitinga etter den sakna mannen på Haukåsen.

Haukåsen: Men heller ikkje onsdag var det spor å finne etter den sakna 37-åringen som har vore vekke sidan 9. mai. Det skriv NRK

– Me tok ein siste kvalitetssjekk på eit område som me har merka att på kartet, men dette gav oss dessverre ingen svar på kva som har skjedd med den sakna, seier politibetjent ved Sogndal politistasjon, Stein Helge Selland, til NRK. 

Hundane vart sett til å leite i eit område der publikum hadde kome med tips om sterk lukt. 

37 år gamle Christer var på tur på Haukåsen saman med tilsette ved ein institusjon då han forsvann. Sidan har ingen sett spor etter den sakna mannen. Det har vorte gjennomført fleire store leiteaksjonar utan resultat.

Parallellt med leitinga pågår det også ei etterforsking for å finne ut kva som kan ha skjedd.

Til toppen