DÅRLEG DAG PÅ JOBB: Kommunestyrerepresentant Bjørn Sølsnes (Sp) frå Leikanger, var ikkje nøgd med skindebatten han opplevde det utarta seg til då BLS-kommunane heldt sitt siste felles kommunestyremøte torsdag.
DÅRLEG DAG PÅ JOBB: Kommunestyrerepresentant Bjørn Sølsnes (Sp) frå Leikanger, var ikkje nøgd med skindebatten han opplevde det utarta seg til då BLS-kommunane heldt sitt siste felles kommunestyremøte torsdag.

– Noko av det mest meiningslause eg har vore med på

Nye Sogndal kommune passerte det siste hinderet før ein eventuell reverseringsdebatt blussar opp att før valet til hausten. Men ikkje alle var like nøgde med måten det skjedde på.

Balestrand: Det var valet av kommunenamnet Sogndal som skapte den største debatten då Balestrand Leikanger og Sogndal hadde felles kommunestyremøte torsdag.

Men det stoppa der, med debatten.

For som fylkesmann Anne Karin Hamre hadde orientert om på førehand var det eit drøftingsmøte, utan vedtaksmynde. 

– Noko av det mest meiningslause eg har vore med på, var hjartesukket frå Bjørn Sølsnes, representant for Senterpartiet i Leikanger.

Les også: Kommunane får sjølve bestemme kommunevåpen og kommuneflagg
Les også: Kommune- og regionreforma vedtekne i Stortinget

Frustrasjon over skindebatt

Han meinte debatten vart dobbelt meiningslaus, all den tid kommunestyra i både Sogndal og Balestrand allereie gjort sine vedtak i sakene som var oppe. 

– Sit me her berre på stas?, var spørsmålet Sølnes lot henge i lufta då det vart klart namnedebatten var i ferd med å renne ut i sanden.

Ordførar Harald Offerdal i Balestrand kunne opplyse om at møtet var lovpålagt av Stortinget, som ein del av tvangsamanslåingsvedtaket dei gjorde tidlegare i juni.

– Det tek eg til vitande: lovpålagt, men likevel så meiningslaust, repliserte Sølsnes.

Møtet var over på under ein time. Dei frustrerte blant systrendingane fekk likevel raskt høve til å lufte sinnet i det påfølgjande kommunestyremøtet:

AVGJERSLA FELL: Ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger konstanterer at forslaget om å seie nei til kommunesamanslåing ikkje fekk gjennomslag i kommnestyret. Til venstre varaordførar Trude Risnes (V), rådmann Odd Arve Rakstad i midten.
AVGJERSLA FELL: Ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger konstanterer at forslaget om å seie nei til kommunesamanslåing ikkje fekk gjennomslag i kommnestyret. Til venstre varaordførar Trude Risnes (V), rådmann Odd Arve Rakstad i midten.

– Ein heilt utruleg situasjon

Sindre Børsheim Ramung (Sp) tykte det minna om kinesiske tilstandar å bli invitert til å diskutere saker som i realiteten allereie er bestemt. Armslaget i kommunestyret følte han heller ikkje var noko å skryte av.

– Fattar vi ikkje dei vedtaka som er ønska, så hamnar vi i departementet, så får dei overkøyre oss enno ein gong. Det er ein heilt utruleg situasjon. Vi får håpe på eit nytt stortingsfleirtal, som kan overkøyre kaoset denne prosessen har skapt.

Ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger vart ein frontfigur for den folkelege motstanden bruken av tvang vart sett på den nasjonale dagsorden. No meiner han tida er inne for å  stikke fingeren i jorda.

– Vi diskuterer å seie nei til ei samanslåing som er vedteken i Stortinget. Det er lov å vere ueinig og det er lov å vere skuffa, men no må vi ta ansvar for å forme vår eiga framtid. Alternativet er å la andre gjere det for oss, sa ordføraren då det var klart at det gjekk mot avrøysting.

Då hadde det kome forslag både om å utsette saka til etter valet og å seie nei til heile samanslåinga, i tillegg vart Sognefjord kommune var spelt opp som alternativ kandidat til kommunenamn

Dei forslaga fall ein etter ein og til slutt var det eit samla kommunestyre som gjekk inn for hovudframlegget, det same som nabokommunane hadde fatta.

Til toppen