Mange av fjellstyra avgrensa jakta på rype i fjor i håp om at den positive utviklinga skulle vare ved. Og førebels ser det ikkje så gale ut, ifølgje Torgeir Lande i Noregs fjellstyresamband.
– Vi håper på gode forhold under klekkinga med lite tap av ryper og egg til rev, mår og rovfugl. I tillegg må vi ha gode forhold for kyllingane med omsyn til vêr og mattilgang, seier Lande, som håper på rypejakt med få avgrensingar i år.
Nøktern optimisme pregar elles rapportane frå fjellstyra, mens Øvre Numedal fjellstyre, som har areal på Hardangervidda, har grunn til å vere eit hakk meir optimistiske. Der vart rypejakta i fjor ein skikkeleg opptur.
– No melder fleire frå fjellet at dei svært sjeldan har sett så mykje ryper som i vår, seier Hans Jørgen Jahren i det lokale fjelloppsynet. Men også i denne statsallmenningen blir klekkeperioden heilt avgjerande.