HEIT KANDIDAT: Med støtta frå nominasjonsnemnda i ryggen siglar Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd opp som ein heit kandidat til å bli ordførar i nye Sogndal. Foto: Halvor Farsund Storvik.
HEIT KANDIDAT: Med støtta frå nominasjonsnemnda i ryggen siglar Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd opp som ein heit kandidat til å bli ordførar i nye Sogndal. Foto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

Han vart nominert, men sogndølene vil ha sin eigen kandidat

Jakta etter ein ordførarkandidat til å leia nye Sogndal har ført til høg temperatur internt i Ap.

Sogndal: Mellom Leikanger og Balestrand på den eine sida, og storebror Sogndal på den andre, er det i ferd med å danna seg steile frontar i Ap-rekkene.

Onsdag kveld vart det klart at nominasjonsnemnda går for at Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd (Ap) skal styra nye Sogndal kommune.

– Du blir sjølvsagt glad og stolt av å vera ønskt, og eg har fått enormt med støtte på kort tid. Det varmar, seier Odd.

Men valet skjedde ikkje utan kamp.

UTFORDRAR: Kjetil Kvåle (Ap) har medlemmane til Sogndal Arbeidarparti i ryggen. Foto: Øyvind Nondal

Odd: – Dette er ikkje ei kroning

Nominasjonsnemnda i Ap har nemleg vore splitta. Sogndølene har løfta fram Kjetil Kvåle som den ønska kandidaten, medan Balestrand og Leikanger har samla seg om Odd.

På gårsdagens møte i nominasjonsnemnda fekk Odd fire stemmer, og Kvåle to. Så kan alle gjetta korleis stemmene fordelte seg geografisk.

– Slik er demokratiet. Det er berre eit sunnheitsteikn at det er reelle val på posisjonar, òg internt. At me har forskjellige meiningar er noko me må vera vande med i Norges største parti, meiner Odd.

– Korleis blir det å kjempa mot Kjetil Kvåle? 

– Det kjem til å gå heilt fint. Eg har stor respekt for han, og kjenner han som ein røynd politikar. Oss kandidatane i mellom er eg trygg på at dette kjem til å bli ei ryddig sak, seier Odd, som minner om at dette berre er første steg i nominasjonsprosessen. 

– Det er ikkje ei kroning. Det er medlemmene som bestemmer kven som skal stå på topp, seier Odd.

Krangel i nominasjonsnemnda 

Onsdag, same dag som nominasjonsnemnda skulle stemma, stadfesta leiar Odd Urdal Bjelle frå Sogndal til Sogn Avis at han støttar sambygding Kvåle som ordførarkandidat. 

Dette fekk medlem i nominasjonsnemnda Kari Maria Rutle Fjærestad frå Balestrand til å steila. Ho reagerte òg på at namna på listekandidatane tysdag vart kjende i media.

Bjelle stadfester at det vart høg temperatur på gårsdagens møte.  

– Det var røyster i nemnda som ikkje tykte det var heilt greitt, og det tek eg til etterretning. Eg er såpass gamal i politikken at eg toler å bli tilsnakka. Den saka er me ferdige med, seier han.

Han seier han vil støtta vedkomande som blir vald, uansett kven det blir til slutt. Avgjerda blir teken på eit nominasjonsmøte, der alle som er medlem i Arbeidarpartiet i dei tre kommunane kan stemma.

Det betyr at sogndølene framleis kan få viljen sin, om dei greier å mobilisera.

– Alle medlemmer har stemmerett, så det er uvisst å spå, seier Bjelle om det forventa utfallet.

Tvangsmotstandar kan få ordførarklubba

I februar 2017 vart Jon Håkon Odd løfta fram i riksmedia som representant for grasrota sitt opprør mot tvangssamanslåingar.

Storebror Sogndal stemte for, medan dei to lillebrørne, Leikanger og Balestrand, stemde mot samanslåinga. Odd fryktar ikkje at det skal føra til gnisningar i framtida, men trur likevel det gjeld å ha gode mekanismar for å handtera ulike meiningar.

– Det viktige for å skapa ein ny og sterk kommune, er at me lagar sakar der det ikkje er vinnarar og taparar, men at me sørger for at alle tener på det, seier Odd.

Han minner om han i si tid rådde innbyggjarane i Leikanger til å stemma ja til samanslåinga, noko dei ikkje høyrte på.

– Eg var for reforma, men har vore tydeleg på at eg er imot tvang. Etter at vedtaket i Stortinget var fatta, så har eg vore lojal mot det, seier Odd.

Til toppen