TOPPAR LISTA: Nominasonsnemnda meiner Per Are Flåm er den klårt mest aktuelle som ordførarkandidat.
TOPPAR LISTA: Nominasonsnemnda meiner Per Are Flåm er den klårt mest aktuelle som ordførarkandidat.

Nominasjonsnemnda i Aurland Ap vil ha Flåm som ordførarkandidat

Det kjem fram i ei pressemelding.

Aurland: Samrøystes innstilte nominasjonsnemda i Aurland Arbeiderparti Per Are Flåm som ordførarkandidat til kommunevalet 2019.

Førebels liste blei lagt fram på medlemsmøte denne veka. 

– Her var det veldig bra oppmøte. Alle frammøtte var veldig glad for at me innstillte Per Are Flåm som vår ordførarkandidat. Ordførarkandidaten Per Are Flåm fekk mange gode ord frå medlemane i Aurland Arbeiderparti, seier Arvid Gilje, leiar i nominasjonsnemnda i pressemeldinga. 

Endeleg liste vert vedteken på nominasjonsmøte seinare i november. 

Ser på Flåm som den mest populære kandidaten

I vår ba nominasjonsnemda medlemane om å komme med innspel til kven dei ynskja på lista.

– Flåm fekk flest stemmer og mange fleire enn nummer to. I tillegg fekk han mange fleire personlege røyster til kommunevalet 2015 enn nummer to. Dette syner at medlema og velgjarane klårt vil ha Per Are Flåm som vår ordførarkandidat, seier Gilje. 

Gilje seier òg at Flåm er ein dreven og har vore veldig aktiv i politikken i 11 år. Mellom 2007 og 2011 satt Flåm som medlem i utval for Omsorg, Oppvekst og Kultur (OOK). Sidan 2011 har han sotte i kommunestyret og vore leiar i Utvalet for Plan og Utviklinf (PUT). 

Til toppen