Sogndal: På Fotballfesten 2019 skal det delast ut gjeve prisar til spelarar som har utmerka seg i fotballsesongen 2019.
Blant totalt ni nominerte frå Eliteserien, OBOS-ligaen og Toppserien dukka eit kjent namn opp. Sogndal-spelar Sivert Mannsverk er nominert i kategorien Årets gjennombrot.
– Eg set pris på at Eirik Bakke har brukt meg såpass mykje i årets sesong, og det viser at Sogndal gjer ein god jobb når det gjeld å utvikla og ta vare på spelarar, seier Mannsverk til Porten.no.
I nominasjonen vert Mannsverk kalla eit stort talent:
«Mannsverk er eit stort talent frå Sogn og Fjordane. Midtbanespelaren har i år vist at han mestrar nivået i OBOS-ligaen med glans. Veldig god med ball og eit bra overblikk. Ein spelar med ei stor framtid foran seg», heiter det.
I kategorien Mannsverk kjempar i, er òg Sandefjord-spelar Anton Kralj og KFUM sin Lars Olden Larsen.
– Skal bli godt med ferie
Når han ser tilbake på fjorårets sesong, der han var mykje skada, synest han årets sesong har vore veldig lærerik.
– No står det att éin kamp på onsdag der me skal ta oss vidare i Youth League. Etter det skal bli det godt med ferie, seier han.