PRESTISJETUNG PRIS: Biletet er frå då Kongevegen over Filefjell fekk utdelt vegdirektørens pris for vakre vegar forrige veke. No er er den kulturhistoriske turvegen nominert som Noregs bidrag til den europeiske prisen som går til arbeid med kulturminne i Europa. Foto: Ina Eirin Eliassen
PRESTISJETUNG PRIS: Biletet er frå då Kongevegen over Filefjell fekk utdelt vegdirektørens pris for vakre vegar forrige veke. No er er den kulturhistoriske turvegen nominert som Noregs bidrag til den europeiske prisen som går til arbeid med kulturminne i Europa. Foto: Ina Eirin Eliassen

Nominert til EUs kulturminnepris

Stonehedge, stakk av med prisen i 2015. I 2016 kan det bli Kongevegen over Filefjell sin tur. 

Først stakk restaureringa av Kongevegen over Filefjell av med vegdirektørens pris for Noregs vakraste veg.

PROSJEKTLEIAR: Jan Adriansen koordinerer prosjekta rundt Kongevegen over Filefjell. 
Foto: Ina Eirin Eliassen

Under feiringa og utdelinga av prisen på Borgund forrige veke, fortel Jan Adriansen, prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell, at turvegen no er nominert som Noregs bidrag til EUs kulturpris 2016, noko han ser på som sensasjonelt. 

Les også: Prisutdeling og feiring av Noregs vakraste veg

Slott, hageanlegg og tempel

Der er Europa Nostra Norge, den norske delen av Europa Nostra som er EU sitt organ for kulturarv, som har vedteke å nominere Kongevegen over Filefjell til prisen for arbeidet med kulturminne i Europa. Turvegen mellom Lærdal og Vang vil då konkurrere med mellom anna greske tempel, store hageanlegg og engelske slott.

Les også: Imponerande arbeid i Galdane

Nomineringa vil ha stor betydning då også folk utanfor Noreg vil sjå den ti mil lange attraksjonen som eit ettertrakta reisemål. På same tid seier Adriansen at det gjer at ein må halde høg fokus på arbeidet framover og at det krev at ein må passe på turvegen også i tida etter ferdigstillinga av prosjektet. 

Også under orienteringa til kommunestyret i Lærdal torsdag minna ordførar Jan Geir Solheim, om ansvaret kommunen har for å ikkje gløyme vekk å vedlikehaldet av vegen når den står ferdig. 

Venta å bli ferdig neste sommar

Sjølv om arbeidet med prosjektet Kongevegen over Filefjell ikkje er venta å bli ferdig før neste sommar, fortel Adriansen at arbeidet ein har lagt ned gjennom dei parallelle prosjekta alt har auka interessa og besøka av Kongevegen. 

Gjennom restaurering, informasjonsarbeid og eit bedriftutviklingsverk, vil vandraren når prosjektet kjem i mål, få ei total ferieoppleving langs turvegen med både attraksjonar, overnatting, samt god mat og drikke.

Les også: Samarbeider om Kongevegen

Detektivarbeid og skilting

Tine Eikehaug, har vore leiar for forprosjektet til Kongevegen over Filefjell og laga eit mogleheitsstudie i 2010/2011, før hovudprosjektet starta opp. 

Artikkelen held fram under biletet

INFORMASJONSKILT: Tine Eikehaug, har vore med å laga til informasjonsskilt til Kongevegen over Filefjell.
INFORMASJONSKILT: Tine Eikehaug, har vore med å laga til informasjonsskilt til Kongevegen over Filefjell.

Eikehaug er fagansvarleg med kulturminne i planavdelinga i Statens vegvesen, men har vore med på sidelinja for å laga tekst til dei kring 25 informasjonsskilta som til no er laga og som i desse dagar er på veg opp langs Kongevegen.

– Det har vore eit artig detektivarbeid der det handlar om å gå i djubda for å samle informasjonen om Kongevegen over Filefjell. Sjølv om ikkje all informasjonen blir nytta til informasjonsskilta, handlar det om å samle informasjon som kan koma prosjektet til gode, fortel ho. 

Til toppen