NOMINERT: Skodespelarane Jan Geir Solheim og Sverre Horge (f.v.) saman med regissør Alexander Einemo Zwart under innspelinga av "Som ein reier så ligg ein" på garden Fjellheim i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving
NOMINERT: Skodespelarane Jan Geir Solheim og Sverre Horge (f.v.) saman med regissør Alexander Einemo Zwart under innspelinga av "Som ein reier så ligg ein" på garden Fjellheim i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving

Nominert til tre filmprisar

Filmen "Som ein reier så ligg ein" filma i Lærdal med lærdølen Alexander Einemo Zwart som regissør er nominert til prisar i tre filmfestivalar.

Lærdal/Oslo: – Det er heilt fantastisk stort, eg har vel ikkje heilt skjønt det sjølv enno, seier Einemo Zwart.

I fjor haust filma crewet utandørsscenene til filmen "Som ein reier så ligg ein" på Fjellheim gard i Lærdal. Kortfilmen på 15 minuttar handlar om ein bonde som får vita av ein synsk mann at han skal døy om få dagar. Den vidare handlinga i det Zwart omtalar som ein "kolsvart komedie" tek opp problemstillingar rundt den norske odelsretten.

Oscar neste?

Dette har slege an hjå komiteen som plukkar ut filmar til den amerikanske kortfilmfestivalen "LA Shorts Fest" som blir arrangert frå 1. til 8.september i Los Angeles.

– Det er ganske vanskeleg å koma inn, fleire tusen filmar knivar om å få plass på dei største festivalane. Vinn ein i "LA Shorts" kan ein gå vidare til Oscar eller British Academy of Film and Television Arts, som er britane sin "versjon" av Oscar, fortel Einemo Zwart.

Les også: Lærdøl vann pris for gresk film

Så går turen til Malmø, der filmen kjempar om prisen for beste nordiske kortfilm under Nordisk Panorama. Denne festivalen går av stabelen 16-21.november . 

– Den heng høgt, den også. Her kjempar kortfilmar frå alle dei nordiske landa om å vinna, forklarar Zwart.

Samstundes er også filmen på lista under Drama Short Film Festival i Hellas, 14.-19.september.

PÅ PLAKATEN: Kortfilmen er nominert til tre festivalar som går av stabelen i september.
PÅ PLAKATEN: Kortfilmen er nominert til tre festivalar som går av stabelen i september.

Urnorsk tema på unorskt vis

Einemo Zwart fortel at filmen har slege betre an på festivalar i utlandet enn i Noreg:

– Her heime har me ikkje fått same gjennomslag. Det har nok å gjera med dei kreative vala me tok i filmen, den blir kanskje for pompøs for norske festivalar. Slik sett er den svært unorsk og blir kanskje misforstått som eit drama her heime. Men det er altså ein kolsvart komedie.

At filmen er nominert til dei tre festivalane i Sverige, USA og Hellas seier Einemo Zwart er kona og produsenten for filmen, Valia Phyllis Zwart, sin forteneste.

Noregspremiere i Lærdal

Rolleinnehavarane i filmen er forutanom Sverre Horge, kjend frå mellom anna julekalenderserien "Nissene på låven", to lærdøler; Magne Grøttebø og lærdalsordførar Jan Geir Solheim.

Filmen har også fått si eiga heimeside. Når det norske og lokale publikummet får sjå filmen vil han ikkje seia noko om:

– Det blir ein gedigen premierefest i Lærdal med full pakke, det kan eg lova. Filmen er trass alt lokalhistorisk.

– Så du vil overhovud ikkje røpa noko om når den kjem her heime?

– Nei. Men det blir noregspremiere i Lærdal.

Til toppen