EIT ÅR ATT SOM ORDFØRAR: Noralv Distad (H), ordførar for Aurland, melde torsdag på sin facebookprofil at han ikkje vil stilla til attval.
EIT ÅR ATT SOM ORDFØRAR: Noralv Distad (H), ordførar for Aurland, melde torsdag på sin facebookprofil at han ikkje vil stilla til attval. (Foto: Arkiv)

Noralv Distad stiller ikkje til attval

- Eg har nyleg gjeve melding til Aurland Høgre om at eg ikkje stiller til attval for ein ny periode i kommunestyret.

Aurland: Det skriv Aurland-ordføraren Noralv Distad (H) i ein Facebookpost torsdag kveld.

Førre veke vart det kjend at Distad skal stilla til Vestland Høgres fylkestingval.

– Eg har sagt ja til å stå på Vestland Høgre si liste til fylkestingsvalet. Nominasjonsnemnda har innstilt meg på 2. plass, men endeleg vedtak om liste skjer på nominasjonsmøte i november.

Distad seier han ser fram til eit aktivt engasjement i Vestland fylkeskommune, dersom han blir nominert og vald.

Han legg vekt på at han framleis har eit år att som ordførar i Aurland, noko han gler seg til. 

– Aurland er ein kommune i framgang, fleire viktige saker er på gang og mulegheitene er store. Saman med mange gode krefter skal eg det komande året gjera mitt beste for å oppnå gode resultat for innbyggjarane våre, skriv han, 

Til toppen