PÅ TOPP: Konserndirektør Fride Hærem i Norconsult. Pressebilete. 
PÅ TOPP: Konserndirektør Fride Hærem i Norconsult. Pressebilete. 

Norconsult er ingeniørane sin drøymearbeidsgivar 

Gjennom sitt lokalkontor i Årdal løyser Norconsult mange oppdrag i Sogn, skriv firmaet i ei pressemelding. 

Årdal: For andre året på rad er Norconsult kåra til Noregs mest attraktive arbeidsgivar blant ingeniør- og teknologistudentar.

Spennende arbeidsmoglegheiter, eit spesielt godt arbeidsmiljø og storsatsing på studenttilsetjingar vert lagt merke til blant dei nyutdanna, skriv Norconsult.

Målretta arbeid

– Resultatet speglar fleire år med målretta arbeid for å vere det mest attraktive selskapet i bransjen. Me lever av kompetanse, og skal ha bransjen sine mest kompetente medarbeidarar, seier konserndirektør Fride A. Hærem.

I løpet av 2015 fekk Norconsult 250 nye medarbeidarar med på laget. Selskapet ventar at talet vil ligga på rundt 200 inneværende år.

Karrierebarometeret kartlegg kva som påverkar studentane når dei skal velge arbeidsgivar, og er utvikla av selskapet Evidente i samarbeid med Karrierestart. 

Satsar på studentar

– Me jobbar hardt for å tiltrekka oss dei beste studentane og brukar mykje tid på høgskular og universitet i Noreg. Norconsult har dei siste åra satsa stort på tilsetjingar av nyutdanna studentar, seier Hærem

Undersøkinga vert gjennomført ein gong i året, og fleire tusen studentar ved norske universitet og høgskular kårar den mest attraktive arbeidsgivaren innanfor kategoriane økonomi og ingeniør/teknologi.

– Studentane møter eit internasjonalt konsern med sterk lokal nærvær, som byr på spennende arbeidsoppgåver og eit veldig godt arbeidsmiljø. I vår årlege medarbeidarundersøking scorar me heilt i toppen av bedrifter i Noreg målt på trivsel og engasjement, seier Hærem.

Til toppen