FIRE MILLIARDAR: – Med ein omsetning på nær fire milliarder kroner stadfestar Norconsult sin posisjon som marknadsleiar i Noreg, og som en tydelig internasjonal utfordrar, sier konsernsjef Per Kristian Jacobsen. Pressefoto. 
FIRE MILLIARDAR: – Med ein omsetning på nær fire milliarder kroner stadfestar Norconsult sin posisjon som marknadsleiar i Noreg, og som en tydelig internasjonal utfordrar, sier konsernsjef Per Kristian Jacobsen. Pressefoto. 

Norconsult med rekordstort driftsresultat

Norconsult leverte omsetningsvekst og solide resultat i fjerde kvartal 2015.

Årdal: Omsetninga i fjerde kvartal utgjorde 1141 millionar kroner, medan driftsresultatet for kvartalet enda på 88 millioner. Driftsmarginen enda på solide 7,7 prosent. 

For 2015 totalt endte omsetninga på 3 975 millioner kroner (3 842 mill. i 2014), ein auke på 3,4 prosent frå året før. Driftsresultatet blei 332 millioner, som gav ein driftsmargin på 8,4 prosent (underliggande 2014: 8,2 prosent). 

God styringsfart

– Norconsult står støtt. Me møte 2016 med god styringsfart, og har lykkast med å nå dei økonomiske måla me sette oss ved inngangen til året. Med ei omsetning på nær fire milliarder kroner stadfestar Norconsult sin posisjon som marknadsleiar i Noreg, og som ein tydelig internasjonal utfordrar, seier konsernsjef Per Kristian Jacobsen.

Norconsult er Noregs største, og ein av dei leiande tverrfaglege rådgivarbedriftene i Norden. Selskapet leverer tenester retta mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Årleg gjennomfører Norconsult over 10.000 små og store oppdrag nasjonalt og internasjonalt. 

– I løpet av 2015 ferdigstilte me viktige oppdrag som Fornebuporten og KVU-Oslo-Navet. Samstundes står me midt i ei rekkje inspirerande og spennande prosjekt som me skal jobba mykje med i åra som kjem, som InterCity, Rogfast Pluss og Vamma kraftverk. Frå vår internasjonale verksemd kan me blant anna trekkja fram kraftoverføringsprosjekt i Botswana og høgskolen Sävehuset i Sverige, seier Jacobsen.

Auka konkurransekraft gir vidare vekst

Norconsult skal fortsetje å vekse, og konsernsjef Jacobsen tek ved inngangen til 2016 tydelege grep for at selskapet skal stå stødig i møte med morgendagens konkurranse. 

– Auka konkurransekraft er stikkordet for å lykkast med vekst i åra som kjem. Me har sett oss ambisiøse mål for lønnsom vekst når me no går inn i ein ny strategiperiode for 2016 til 2018. Veksten vil skje både i heimemarknaden og internasjonalt, organisk og gjennom oppkjøp. Sentralt i strategien står fullt fokus på kunde og marknad, smartare arbeidsprosessar og organisasjonsutvikling. Summen av alle forbedringstiltakene vil bidra til å løfte selskapets konkurransekraft i åra som kjem, sier Jacobsen.

Til toppen