NORDBOHUS: Karane som har rekna seg fram til rett pris: Vegard Molland Røneid og Tom-Idar Teigen.
NORDBOHUS: Karane som har rekna seg fram til rett pris: Vegard Molland Røneid og Tom-Idar Teigen. (Foto: Privat )

Nordbohus Sogn AS skal byggje ny barnehage i Aurland

Det kjem fram i ei pressemelding.

Aurland: I det me driv og avsluttar arbeidet i Fosshagen utdanningsbarnehage i Sogndal, får me vite at me har vunne anbodsrunden om å få byggje ny barnehage i Aurland, skriv Nordbohus Sogn i pressemeldinga. 

NY BARNEHAGE: Nordbohus bygger ny barnehage i Aurland. Foto: Privat

Dette blir det største enkeltprosjektet me har for kunde nokon gong, kontrakten er på snaue 37 millionar.

Me startar med grunn og betongarbeid i haust- og tømrararbeidet er i gang frå nyttår.

Dette vert ein stor barnehage på eitt plan, der me har totalentreprisen og me ser fram til å starte på prosjektet.

Barnehagen skal stå klar til november 2021.

Dette i lag med andre prosjekt sikrar Nordbohus Sogn AS full drift ut 2021.

Til toppen