KVA NO? Det er spørsmålet mellom anna Audun Mo og Trygve Skjerdal spør i meiningsinnlegget.
KVA NO? Det er spørsmålet mellom anna Audun Mo og Trygve Skjerdal spør i meiningsinnlegget. (akriv)

MEININGAR

Nordfjella, kva no – villrein og reetablering?

Ordførarane i Nordfjellarådet og leiar i Nordfjellarådet har i lang tid vore bekymra for situasjonen rundt villrein i landet vårt. Denne uroa har auka kraftig etter at det er funne smittsam skrantesjuke (CWD) også utanfor sone 1 i Nordfjella. Kva skjer no?

Meiningar: Arbeidet med reetablering av villreinstamma i våre fjell har vore planlagt starta opp no i haust, men har vorte utsett på ubestemt tid.

Kva tiltak meiner styresmaktene ein må setja i verk? Spørsmålet har vorte stilt av oss fleire gonger før: «Kva råd vil Veterinærinstitutt, Mattilsyn, NINA og andre gje Landbruks- og matministeren og Miljø- og klimaministeren om det blir oppdaga rein med CWD utanfor Nordfjella?»

ENGASJERT: Trygve Skjerdal er medforfattar av leserinnlegget. Foto: Arkiv

Det spørsmålet har me aldri fått svar på.

Alle har sjølvsagt håpa at ein ikkje skulle finne smitta villrein andre stader, men no har det dessverre skjedd på Hardangervidda. Me som lokale folkevalte har eit sterkt behov for å gje ei tydeleg melding til styresmaktene: Dei alvorlege tiltaka som vart gjennomført med sanering av villrein i sone 1, kan ikkje vera oppskrifta no!

I tida etter at smittsam skrantesjuke i Nordfjella vart påvist i 2016, har det vorte gjort mykje for å finne ut av korleis denne sjukdomen har oppstått og korleis ein kan hindre at smitten spreier seg. Det er svært uheldig at ein har fått så få svar, og det er framleis mykje som ikkje er avklart. Då nyheita om CWD vart presentert for fagfolk og politikarar våren 2016, fekk me inntrykk av at sjukdommen spreidde seg i rekordfart og at alle dyr kom til å bli smitta om ein ikkje aksjonerte raskt. Det vart difor avgjort at ein måtte sanere all villrein i sone 1, for å hindre at dyr spreidde smitta ut av Nordfjella. Jakta i 2017 og 2018 vart ei enorm påkjenning for villreinen, forvaltinga, jegerar, og folkevalte.

STILLER SPØRSMÅL: Audun Mo og resten av forfattarane. Foto: Arkiv

Alle bygdesamfunn rundt Nordfjella vart råka.

Villreinstamma i Noreg er ein viktig natur- og kulturberar og opphavet til at det busette seg folk i landet.

Me veit at Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på den siste attlevande fjell villreinstamma i Europa. Det ansvaret krev stor klokskap og grundige, demokratiske prosessar før ein landar på konklusjonar som kan få dramatiske følgjer for villreinen si framtid i våre fjell. Det må ikkje takast forhasta avgjerder no.

FUNN: Det er gjort funn av skrantesjuke på Hardangervidda. Foto: Arkiv

Det er viktig at så mykje fakta som mogleg vert tilgjengeleg, før det vert teke nye avgjerder. Me ber difor nasjonale styresmakter om å ta ansvar for at det i kampen mot skrantesjuka vert ein meir demokratisk prosess, der partane vert høyrde. Det er mykje relevant og viktig kunnskap rundt om i lokalmiljøa, og desse må involverast i arbeidet vidare.

Jegerar og folkevalte har vore lojale i kampen mot smitte i sone 1. Me forventar at arbeidet med plan for reetablering av villrein i Nordfjella sone I startar opp som planlagt, og ikkje vert sett «på vent».

Me forventar no at departementa føl opp Intensjonsavtalen frå 8. mai 2018, og invitera kommunane og Nordfjellarådet til eit orienteringsmøte snarast.

Kva strategi nasjonale styresmakter vel i kampen mot skrantesjuke framover vedkjem oss alle, og me som folkevalte for Nordfjellaområdet, forventar også å bli invitert og involvert i arbeidet vidare.

Til toppen