Noreg gjev etter for EUs sauekrav for å redde økolaksen

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) gjev etter for EU-krav for å redde eksporten av økologisk laks. Det får uheldige konsekvensar for 600 sauebønder.

  • Endret

Lærdal: Skal EU godkjenne nokon økologisk produksjon, må alt godkjennast, skriv Dagens Næringsliv.

Dei såkalla spalta fjøsgolva til norske bønder, som gjer det lettare å måke unna møkk, må difor vike for at Noreg skal få eksportere økologisk laks. EU meiner at heildekkjande fjøsgolv er betre for dyra, og har det som krav i sitt regelverk for økologisk matproduksjon frå 2009.

– Det var ikkje reell moglegheit til å løyse dette på politisk nivå med EU, og vi måtte prioritere. Då er eksportinteressene og tilgang til marknaden for laksen viktig, seier Dale til avisa.

Med det må rundt 600 norske sauebønder byggje om til heildekkjande fjøsgolv.

– Beklageleg, seier Per Skorge, generalsekretær i Norges Bondelag, og legg til at no som løpet er køyrt, gjeld det å redusere kostnadane.

– Vi reknar med styresmaktene bidreg til å finne løysingar, seier Skorge. (©NPK)

Til toppen