KREV MEIR: Vibeke Johnsen, ordførarkandidat for SV i Sogndal kommune, skriv i dette meiningsinnlegget at Noreg må gjera ein betre jobb når det kjem til flyktningskrisa.
KREV MEIR: Vibeke Johnsen, ordførarkandidat for SV i Sogndal kommune, skriv i dette meiningsinnlegget at Noreg må gjera ein betre jobb når det kjem til flyktningskrisa. (Foto: Halvor Farsund Storvik / Arkiv)

MEININGAR

Noreg må jobba for ei human løysing for flyktningar i Europa

– Det er meir enn tre år sidan det blei oppretta asylmottak i Sogn og Fjordane i ekspressfart. Folk bretta opp armane og tok tak, her var mange som trengte noko. Men flyktningkrisa er ikkje over.

Indre Sogn: Det er meir enn tre år sidan det blei oppretta asylmottak i Sogn og Fjordane i ekspressfart. Folk bretta opp armane og tok tak, her var mange som trengte noko.

Det var mange som søkte tilflukt og vern her hos oss. Nokre fekk nye naboar og mange nye vener. Nokre av oss blei representantar og verger, andre bidrog med andre ting. I dag er det ingen mottak igjen i fylket, vi lenar oss tilbake og kjenner at det angår ikkje oss på same måten lenger.

Men flyktningkrisa er ikkje over. Berre ute av auge og ute av sinn.

Aud Kari Isane og Vibeke Johnsen

Heldigvis er det nokon som kan gje oss augeskildringar som gjer at vi ikkje kan la vere å bry oss. Ti tusenvis av menneske bur i interneringsleirar der forholda blir verre år for år. Flyktningar i Hellas manglar mat, varme og husly. Før vinteren sette inn bad blant andre Leger uten grenser om evakuering av flyktningar frå Moria-leiren på Lesbos, men ingen forbetring har skjedd.

Ei humanitær katastrofe

FNs høgkommissær for flyktningar og Human Right Watch kallar situasjonen for ei humanitær katastrofe. Unge tek livet sitt på grunn av forholda i leiren. Mødre og fedre vert alvorleg psykisk sjuke.

Verken ofre for tortur eller andre får helsehjelp. Borna går ikkje på skule og mange har levd der i årevis. Å søke vern er ikkje ei kriminell handling og flyktningar skal ikkje behandlast som kriminelle.

Dublin- avtalen som EU og EØS har inngått inneber at flyktningar skal få søknaden sin behandla i det første europeiske landet dei kjem til. Dette gir ei stor overbelastning for landa ved yttergrensene av Europa som Italia og Hellas.

Noreg sender flyktningar tilbake til Hellas, eit land i djup økonomisk krise, sjølv om styresmaktene der har bedd om at det ikkje blir gjort. I 2015 blei det inngått ein "Relokaliseringsavtale", denne skulle bidra til at flyktningar stranda i Europa skulle fordelast mellom landa i Europa.

Dette engasjementet har ikkje Noreg vidareført.

Krever eit meir rettferdig regelverk

Utvekslingsavtalen mellom EU og Tyrkia har forverra situasjonen kraftig. Tyrkia vaktar grensene til Europa mot betaling frå EU. Dette har ført til farlegare fluktruter, fleire dødsulukker på havet og at menneske er stranda i Hellas og Italia.

Humanitære organisasjonar fordømmer sterkt avtalen. Samstundes som forholda stadig vert forverra i Hellas, har vi fått ei regjeringserklæring som strammar inn flyktningpolitikken i Noreg.

Noreg bidreg i eit kappløp mot botnen der humaniteten og grunnleggande verdiar, med menneskerettigheitserklæringa som det viktigaste fundamentet i Europa står på spel.

Vi er vitne til at menneske går under på grunn av krig og mangel på tilflukt i nærområda våre. Noreg må gå føre og bidra til ein europeisk evakueringsavtale om fordeling av flyktningar frå Moria-leiren.

SV vil at Noreg skal jobbe for å innføre midlertidig stans av Dublin avtalen og returar til Hellas. Dublin-avtalen må endrast for å sørge for eit meir rettferdig regelverk og ei forpliktande europeisk mekanisme for fordeling av asylsøkarar. SV vil og at relokaliseringsavtalen blir gjenoppteke og gjennomført og samstundes avvikle avtalen mellom EU og Tyrkia.

Menneske på flukt går under i nær oss. Noreg og Europa bryt menneskerettigheitserklæringa. Dette må det gjerast noko med no!

Til toppen