Indre Sogn: Mellom 1992 og 2015 har Statistisk sentralbyrå registrert at om lag 3,5 millionar arbeidsdagar gjekk tapt som følgje av arbeidskonfliktar eller streikar
Av desse gjekk rundt 3,3 millionar arbeidsdagar tapt i åra med hovudoppgjer.
Åra med flest tapte arbeidsdagar var i 1996 og 2010, då rundt ein halv million arbeidsdagar gjekk tapt i streik kvart av åra.
I snitt er det registrert åtte tapte arbeidsdagar per arbeidstakar i konflikt dei 24 siste åra, fordelt på 8,1 i hovudoppgjera og 6,8 i mellomoppgjera. (©NPK)