GIR ROS: Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, gir ros til dei folkevalde i Årdal for samrøystes å ha vedteke at vaksenopplæringa skal skje på nynorsk. Foto: Noregs Mållag.
GIR ROS: Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, gir ros til dei folkevalde i Årdal for samrøystes å ha vedteke at vaksenopplæringa skal skje på nynorsk. Foto: Noregs Mållag.

Noregs Mållag skryt av dei folkevalde i Årdal

Dei folkevalde i Årdal kommune får skryt etter å ha samrøystes vedteke at vaksenopplæringa skal foregå på nynorsk.

Årdal: – I nynorskkommunen Årdal i nynorskfylket Sogn og Fjordane har ein altså vaksenopplæringa på bokmål. Det må me få gjort noko med, sa Aleksander Øren Heen (Sp) då kommunestyret møttest før jul.

Han fremja forslag om at Årdal skal drive vaksenopplæring på nynorsk og fekk alle representantane med seg på dette. 

Då rådmann Olve Fossedal besøkte vaksenopplæringa i desember, hadde han også stilt seg same spørsmål. Og svaret frå lærarane var enkelt.

– Dei seier det er blitt slik fordi læreverka på bokmål har vore betre enn på nynorsk. Når me ser at kvaliteten er bra, går me over til nynorsk, men de vert snakka dialekt i undervisninga, sa han.

Får skryt

Om om lag eit halvt år vil nynorsk bli tatt i bruk, meinte han, og det gleder leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.

– I haust sette Noregs Mållag i gang ein kampanje for at fleire kommunar skal gå over til å undervise i og på nynorsk til vaksne innvandrarar. Folkeveksten kjem i dag av utanlandsk innvandring. Innvandrarar er viktige tilflyttarar for heile Distrikts-Noreg. Det er difor viktig at dei som buset seg i nynorskområde, vert godt integrerte og lærer det lokale språket, seier Tennø til Mållagets heimeside

Nynorsk språkopplæring i vaksenopplæringa kan vere med å gjere det lettare å kome inn i det norske samfunnet, fordi ein lettare forstår det munnlege talemålet. Då vert det også lettare å forstå dialektar frå alle delar av landet.

No på seinhausten har både Voss og Ullensvang i Hordaland, Hjelmeland i Rogaland og no også Årdal kommune gjort nynorskvedtak. Årdal er med det den 43. kommunen som gjer dette vedtaket.

Til toppen