FERDIG: Etter over fem års arbeid er den nye, 30 mil lange kraftleidninga mellom Ørskog og Sogndal no sett i drift, opplyser Statnett.​ Foto: Statnett.
FERDIG: Etter over fem års arbeid er den nye, 30 mil lange kraftleidninga mellom Ørskog og Sogndal no sett i drift, opplyser Statnett.​ Foto: Statnett.

Noregs største kraftleidningsprosjekt ferdigstilt

Etter over fem års arbeid er den nye, 30 mil lange kraftleidninga mellom Ørskog og Sogndal no sett i drift, opplyser Statnett.

Sogndal: – No kan Midt-Noreg og Sogn og Fjordane gå vinteren trygt i møte. Med den nye kraftleidninga i drift har vi etablert eit samband som gjev trygg straumforsyning for begge regionane, seier konserndirektør Elisabeth V. Vardheim i Statnett.

Utbygginga av prosjektet starta på Moskog transformatorstasjon i Jølster i oktober 2011. Trass forseinkingar og utfordringar med vêr og terreng har prosjektet klart å halde oppe framdrifta og halde seg innanfor kostnadsramma.

Om lag tre millionar arbeidstimar har gått med til å ferdigstille den nye kraftleidninga, som fekk ein prislapp på i alt 5,5 milliardar kroner.

– Dette er ein viktig og stor dag for Midt-Noreg og Sogn og Fjordane. Endeleg har Midt-Noreg ei god og sikker strømforsyning. Samstundes kan verdiane i dei planlagde fornybarprosjekta i Sogn og Fjordane som har venta på eit sterkt nok strømnett realiserast, held Vardheim fram.(©NPK)

Til toppen