Lærdal/Årdal: Skytterlaga Farnes, Knipenborg og Tønjum arrangerte i helga bane- og feltstemne som har fått namnet Vårspretten.
– Til saman var det mellom 400 og 500 deltakingar, seier Jarle Offerdal, leiar i Tønjum skyttarlag, seier Jarle Offerdal, leiar i Tønjum Skyttarlag.
I Lærdal var det feltstemna på Mo i strålande ver. Ingen seniorskyttarar fekk fullt hus, men tre fekk 29 poeng.
Skaut våren i gong
Helgas stemne vart eit såkalla åpent stemne der alle skyttarar frå nord til sør i Noreg kan melda seg på.
– Vanlegvis er det Aurland som har dette stemnet, men i år arrangerte me det på denne sida av tunnelen, seier Offerdal.

I Årdal var det to banestemne og eit feltstemne, medan i Lærdal var det eit feltstemne og eit i Vikadalen. Skyttarlaget Knipenborg hadde både bane- og feltstemne, med andre ord var det ei travel helg for årdølene.
– Vårspretten er eit sikkert vårteikn, seier Offerdal.
Skyttar i Noregsklassen
Slike type stemner pleier å vere lokale, men om ein er heldig med vêret, kjem det ofte folk langvegs frå for å delta.
Denne gongen deltok skyttarar frå både Oslo, Geilo og Begnadalen.
– Me fekk besøk av litt fleire austlendingar enn det som er vanleg. Det er resultatet når ein samlar fleire stemner på ei helg, seier Offerdal.

Den 77 år gamle vetereanskyttaren Odd Kolsrud frå Begnadalen i Valdres var også med på stemne i helga.
– Han er Noregmeister i veteranskyting og har vunne fleire stemner, både på Voss og Sandnes. Kolsrud er i ein klasse for seg sjølv. Han er eit godt eksempel på at ein kan driva med skyting så lenge ein vil, seier Offerdal.
Aktivt miljø
I Årdal var det mellom 80 til 90 personar som var med på banestemne. I Vikadalen var det feltskyting, der skyttarane går ei ruta ute i terrenget og skyt på pappfigurar.
– Det var over 100 personar som var med på baneskyting, som er det mest populære. Hovudskytinga på bane var laurdag og feltskytinga var på søndag, seier Offerdal.
I Lærdal er det eit aktivt skyttarmiljø og om ikkje mange månadane er skyttarhuset som brann ned i Lærdalsbrannen i 2014, start oppe igjen.

– Me fekk fiksa forsikringspengane og det er bygginga av huset i gong. Huset skal stå ferdig til sommaren og me flyttar inn i september, seier Offerdal.
No leiger Tønjum Skyttarlag lokale i Aurland. Det kan vera tungvint til tider med tunnelstening og lang reiserute.
– Ein må ha slike anlegg lokalt, påpeikar Offerdal.
Vinnarar
I Lærdal vann Eskil Fortun frå Farnes Skyttarlag juniorklassen med 30/19. I veteranklassen over 55 år, vann Bjarne Sandvik med 28/13. Jens O. Lysne stakk av med fyrsteplassen i klasse 3 med 27/18.

– Den neste store stemnehelga i Sogn vert Lerumcup 20. - 22.mai. Slike store stemner er eit verkeleg trekkplaster. Då kjem det folk frå heile landet. Det blir veldig stort, seier Offerdal.