MARKERING: Sogn og Fjordane markerte søndag Hiroshima-dagen ved å gå på fjelltur til Nuken (!) i Sogndal.
meiningar
MARKERING: Sogn og Fjordane markerte søndag Hiroshima-dagen ved å gå på fjelltur til Nuken (!) i Sogndal. (Bilde: Sogn og Fjordane SV)
meiningar

Norge må ta kampen mot atomvåpen

– Diverre har den norske regjeringa og Børge Brende valt side mot det store fleirtallet av landa i verda, og motarbeida aktivt eit forbod mot atomvåpen, skriv Vibeke Johnsen, stortingskandidat for SV Sogn og Fjordane.

Meiningar: Sundag 6. august vart Hiroshimadagen markert verda over. Det er 72 år sidan alt endra seg då atombomba falt.

«Idet ho lyfte handa for å ta tekanna kom eit blindande ljos», skreiv Tarjei Vesaas i diktet Regn over Hiroshima. 72 år etter at kvinna i Hiroshima løfta handa for å ta tekanna er kampen mot atomvåpen endeleg inne på rett spor. 

7. juli 2017 er ein milepel i kampen mot atomvåpen. 7. juli i år vedtok 122 av medlemslanda i FN at det er ulovlig å produsere og bruke atomvåpen. Det triste er at Noreg røysta i lag med Russland, USA og Nord-Korea som aktivt har jobba mot forbodet. 

Atomvåpen gjer verda meir utrygg. Dersom berre ei atombombe detonerast kan den drepe hundretusenar. Så lenge atomvåpen eksisterer er det fare for at eit eller flere av våpna vert detonert, i krig eller ved ei ulukke. Dei siste åra har diverre nedrustinga så godt som stansa opp, før vi i sommar fekk eit gjennombrot i kampen mot atomvåpen: 7. juli 2017 røysta 122 av medlemslanda i FN for ein traktat som forbyr mellom anna bruk og produksjon av atomvåpen. SV stør sjølvsagt forbodet og meiner det bør vere sjølvsagt at Noreg står først i kampen for nedrusting. 

Diverre har den norske regjeringa og Børge Brende valt side mot det store fleirtallet av landa i verda, og motarbeida aktivt eit forbod mot atomvåpen. H/Frp-regjeringa har gjort det klart at dersom dei vinn valet vil de ikkje støtte det nye forbodet. 

Forbodet fjerner ikkje alle atomvåpen over natta, men markerer startskotet for ei ny balansert og gjensidig nedrusting. Dersom forbodet faktisk skal virke må land som Noreg, som sjølv ikkje har atomvåpen, støtte opp om det. Ei slik støtte legg press på andre NATO-land og atommaktane om å slutte seg til traktaten, det bidrar til å stigmatisere atomvåpen, og det sender eit klart signal om at vi ikkje ønskjer atomvåpen som ein sentral del av vår forsvarsstrategi. 

Vi veit også at våpenforbod fungerer. Noreg var pådrivar for forboda mot klasevåpen og landminer. Dei avtalene førte til ein tydeleg reduksjon våpentala, og har medverka til at færre land har desse våpna. 

Det er ingenting som hindrar Noreg i å skrive under forbodet, sjølv om vi er medlem i NATO. Det handlar berre om politisk vilje. Difor krev SV at ei ny regjering straks må starte arbeidet for eit atomvåpenforbod. Vi må støtte opp om forbodet, ikke motarbeide det. Vi må vere ein fredsnasjon, ikkje berre i ord, men i handling.

Til toppen