Norheim kjem til Årdal

Norheim kjem til Årdal

Kulturjournalist, forfattar og litteraturkritikar Marta Norheim besøker biblioteket i Årdal torsdag 23. april.

Norheim er kjend frå fleire litteraturprogram på NRK P2, og kanskje har du høyrt ho som programleiar for P2-lyttarane sin romanpris, eller som bokanmeldar i Bok i P2.

Ho har vunne fleire prisar for sitt arbeid, mellom anna «Kringkastingskrisen» i 2014. I 2002 vart ho kåra til årets kritikar. 

– Marta Norheim gjer ein viktig jobb med å få folk til å lese, og er såleis bibliotekets beste ven! Ho formidlar på ein levande og truverdig måte som når folk flest, seier Mona Svendsen ved Vik folkebibliotek, som er eitt av seks bibliotek ho skal besøke i fylket.

Det første biblioteket ho kjem innom er i Årdal, eller rettare sagt på Utla Kafé. Der skal ho fortelje om kva som kjenneteiknar den nye, norske romanen. Sjølvplaging, slektsgransking og globalt ansvar er tendensar ho ser i den norske samtidslitteraturen anno 2015.

Til toppen