Indre Sogn: Fredag signerte Statens vegvesen kontrakt med Norled AS om ferjesambanda Mannheller-Fodnes og Vangsnes-Hella-Dragsvik. Det skriv Vegvesenet i ei felles pressemelding.
Ut 2019 vil Fjord1 halde fram med å drifte dei to rutene, men frå 1. januar 2020 tek Norled AS over. Kontrakta gjeld førebels frå år 2020 til og med ut 2027.
– Statens vegvesen er godt nøgd med både deltakinga og tilboda, seier Helge Eidsnes, regionvegsjef i Statens vegvesen.
La vekt på miljøvern
Då Vegvesenet la ferjesambanda på anbod, leverte Norled og Fjord1 tilbod. I kampen om kontrakta verd i overkant av 1.6 milliardar kroner var det Norled som vann fram.
Pris, energiforbruk og miljøvern var kriteria som gav Norled fordelen:
– I utlysinga av kontrakten vart det sett krav om at minst 80% av det totale energiforbruket skal komma frå straum. Til resten kan Norled velja om dei vil bruka straum, biogass, biodiesel, eller ein kombinasjon av desse, seier Anders Sæternes, ferjekoordinator i Statens vegvesen Region vest i pressemeldinga.
Norled driftar strekka mellom Lavik og Oppedal på E39, kor dei sette inn verdas fyrste batteridrivne ferje MF Ampere i 2015.
– Den nye kontrakten for Sognefjordsambanda i Indre Sogn er eit nytt steg mot meir klimavennleg ferjedrift, heiter det i pressemeldinga.
Vil auke antal avgangar
Den nye kontrakten mellom Vegvesenet og Norled, vil resultere i større ferjer med fleire avgangar.
Mannheller-Fodnes har ifølgje pressemeldinga 56 daglege avgangar frå kvar side. Under Norled skal det auke til 58. Fjord1 ferjene som i dag rommar 110 personbilar, skal auke til 120 med Norled.
Mellom Vangsnes, Hella og Dragsvik skal dei forlenge sommarruta med to månadar. Ferjesambandet vil opne frå 1.mai og vera open fram til 30.september. Desse ferjene vil auke frå å romme 50 personbilar, til 70.