Lærdal: Torsdag ettermiddag melder Helse Førde at Lærdal sjukehus er tilbake i normal drift. Sidan måndag kveld har det vore vanskar med straumforsyninga, etter skifte av ei hovudstraumtavle ved sjukehuset.
– Me har ikkje kunnskap om uheldige hendingar, seier beredskapssjef i Helse Førde, Terje Olav Øen i ei pressemelding.
Tysdag vart det innført inntaksstopp av pasientar, og enkelte blei overførte eller lagt inn ved sjukehusa i Førde og på Voss.
Takkar for innsatsen
I løpet av kvelden torsdag vil det bli gjennomført ein ny test av straumforsyninga, men testar i ettermiddag syner at denne fungerer greitt.
– Svært mange har gjort ein stor innsats for å få dette til. Det gjeld både tilsette ved sjukehusa i Lærdal og Førde samt elektrofirmaet som har stått for arbeidet, seier Øen i pressemeldinga.
Det er framleis vanskar med den eine av dei to heisane ved lokalsjukehuset. Den nyaste og minste fungerer, og det er etablert prosedyre for å bruke denne ved akuttfunksjonar.
Ifølgje Helse Førde skal den eldre og større heisen reparerast måndag.