Loen: – Me er stolte og audmjuke over å ha motteke Reiselivsprisen for 2019 i Sogn og Fjordane, skriv direktør John Brekke i ei pressemelding.

Prisen vart utdelt på reiselivskonferansen «Fjordane frå Bre til Hav» denne veka. Konferansen vart arrangert av Innovasjon Norge - Vestland og Sogn og Fjordane fylkeskommune.
– Eit reisemål i seg sjølv
Kandidatane til prisen vart vurdert etter følgjande kriterium; Berekraftig profil, økonomisk utvikling, grad av samarbeidsorientering, innovasjonsgrad, marknadspotensial og adventure-profil.
– Målet og mantraet er og har alltid vore, å spreie kunnskap om brear og klima på ein spektakulær og spennande måte. Vidare har den strategiske bruken av spennande arkitektur og design gjort til at verksemda har vorte eit reisemål i seg sjølv, seier Brekke.
Norsk bremuseum blei etablert i 1991 og har hatt eit årleg besøk på mellom 78 til 83 000 gjester dei siste åra.