SATSAR PÅ KLIMAFORMIDLING: Norsk Bremuseum på Fjærland skal laga ein panoramafilm med fokus på klimaendringar med Jostedalsbreen i sentrum.
SATSAR PÅ KLIMAFORMIDLING: Norsk Bremuseum på Fjærland skal laga ein panoramafilm med fokus på klimaendringar med Jostedalsbreen i sentrum. (Foto: Norsk Bremuseum)

Sparebanken Vest spyttar inn 500.000 til Norsk Bremuseum sin storsatsing

Bremuseet satsar 10 millionar på panoramafilm produsert av Falkeblikk.

Sogndal: – Det er først og fremst ein naturfilm. Me filma Jostedalsbreen i 1991, og no filmar me han på nytt. Han minkar, og dette blir eit tidsvitne til reduksjonen av breen,  seier John Brekke, direktør i Norsk Bremuseum til Porten.no

HAUGABREEN: Haugabreen i Jølster har det siste året smelta 15 meter og 35 meter sidan 2013. Foto: Pål Gran Kielland / Norsk bremuseum

Han seier at sidan 1997 har høgdepunktet på Norsk Bremuseum på Fjærland vore panoramafilmen som synte Jostedalsbreen, redigert av folkehelten Ivo Caprino.

– Filmen har Jostedalsbreen i fokus, og syner den vakre naturen og korleis menneska lev rundt nasjonalparken, samt dyreliv og natteliv, seier Brekke. 

Kjempar for å vera i verdsklasse

Filmen, som førebels berre vert kalla Norsk Bremuseums Panoramafilm, skal etter planen ha premiere 1. april 2020, og har eit budsjett på heile 10 millionar kroner. 

Norsk Bremuseum. Foto: Bosc d'Anjou / Arkiv

Og ifølgje Brekke vil framsyninga bli storslått, då han skal visast fram på Europas største saumlause panoramalerret. Lerretet er 21.5 meter langt og 4.2 meter høgt og vert frakta frå California.

– Førre gong me laga film med Ivo Caprino, så var den filmen heilt i forkant av det som fanns av naturfilmar og panoramafilmar på 1990-talet.Me håpar igjen å vera heilt framme både når det gjeld måten me lagar filmen på, og det kunstneriske. Me trur me skal få det til, seier Brekke. 

Med på laget er filmprodusent Falkeblikk frå Sogndal som har laga reklamefilmar for blant anna Bergans, og nytter droneteknologi i filminga. 

Satsar på klimaformidling

Norsk Bremuseum har stort fokus på klimaformidling, seier Brekke. Spesielt ønskjer dei å setja lys på-,og informera om menneskeskapte klimaendringar.

– Me har fleire klimautstillingar på museet, der ein av dei er spesielt omfattande.Me prøvar å opplysa om menneskeskapte klimaendringar på ein nøytral, balansert måte. Denne filmen passar godt inn i klimaformidlinga vår. 

 

Til toppen