STORTINGET SIN JOBB: Laila Elisabeth Wigum (H) er glad for at ikkje kommunen kan handplukke frå bestemte flyktningleirar.
STORTINGET SIN JOBB: Laila Elisabeth Wigum (H) er glad for at ikkje kommunen kan handplukke frå bestemte flyktningleirar.

MEININGAR

Alt dette hadde eg lyst å seie i Sogndal kommunestyre, men eg «feiga» ut

– Det er lett å gløyme alle dei me høyrer lite om, men som treng like mykje merksemd, skriv Laila Elisabeth WIgum (H) i dette innlegget.

Sogndal: Som medmenneske, mor og mormor kjenner eg, som alle andre, sterk avmakt og sorg over situasjonen altfor mange stader i verda, ikkje berre i Moria.

Alt dette hadde eg lyst å seie i Sogndal kommunestyre, men eg «feiga» ut og spurte aldri om ordet.

Laila Elisabeth Wigum

Eg er ikkje komfortabel med å oversjå dei fleste og famne om dei få, sjølv om nokre meiner det er svak argumentasjon. Me er sterkt prega av det me ser og høyrer i augeblinken. Einskilde leirar, einskilde menneske og einskilde skjebnar.

Svakheitene ved empati er at den kan vere partisk og selektiv, og styrt ut frå dei me ser og høyrer her og no. Sjølv lèt eg meg prege til dagen av kjensleladde reportasjar på fjernsyn, radio og i aviser. Det er berre menneskeleg. Når alle lamper lyser mot den same staden og den same tragedien, blir det eit slags humanitært episenter.

Då er det lett å gløyme alle dei me høyrer lite om, men som treng like mykje merksemd. Som til dømes barna i Bangladesh, Libanon, Tanzania, Uganda, Kenya og Filippinene.

– Kan ikkje handplukke frå ein spesifikk stad

Kvar år handsamar kommunestyret oppmoding frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) om å busetje flyktningar. Det er då me har høve til å seie noko om kor mange me ser for oss å busetje ut frå kapasitet og kompetanse i kommunen. Men heller ikkje då kan me handplukke frå ein spesifikk stad, eller frå ein bestemt flyktningeleir. Det er eg glad for.

Eg meiner det er viktig at norsk flyktningpolitikk skal avgjerast nettopp av Stortinget, direktorat og FNs høgkommissær, og ikkje av kommunane. Slik sikrar me lik og rettvis handsaming gjennom eit veletablert system. Det gjer det mogleg å busetje flyktningane på forsvarleg vis i kommunar som har kompetanse og kapasitet til det, slik at det totale talet blir handterleg, og me kan gje dei som kjem til oss, gode liv.

– Treng ein heilskapleg flyktning- og asylpolitikk organisert frå Stortinget

Alt dette hadde eg lyst å seie i Sogndal kommunestyre 10.09, men eg «feiga» ut og spurte aldri om ordet i saka. Det kjendest der og då ut som ei sak mellom dei gode og dei mindre gode, og det kosta mykje å løfte armen å røyste imot.

Lat ikkje denne saka handle om kven som bryr seg minst eller mest. Me har berre eit ulikt syn på kva politisk nivå avgjerslene skal takast.

Laila Elisabeth Wigum

Ved inngangen til 2020 var 79,5 millionar menneske på flukt, dei fleste i sitt eige land eller nabolandet. Det må det vere eit overordna prinsipp at dei me tek imot i Norge, er reelle flyktningar som treng vern og er definerte som kvoteflyktningar gjennom FN-systemet.

Landet vårt treng difor ein heilskapleg flyktning- og asylpolitikk organisert frå Stortinget. Så, lat ikkje denne saka handle om kven som bryr seg minst eller mest, for eg bryr meg verkeleg! Me har berre eit ulikt syn på kva politisk nivå avgjerslene skal takast.

Til toppen