FRÅ VENSTRE: Fredrik Furseth, Glenn Morten Hestetun og Bjørk og Kristian Lien.
FRÅ VENSTRE: Fredrik Furseth, Glenn Morten Hestetun og Bjørk og Kristian Lien. (Foto: Liv Einemo Tønjum )

Norsk Folkehjelp: – Denne gåva kan utgjera forskjellen mellom liv og død

Norsk Folkehjelp har fått ei  tidleg julegåve frå Sognefjord Havneservice. Gåva kan bidra til å redda liv i framtida.

Årdal: Folkehjelpa er tufta på pengedonasjonar og dugnadsinnsats. For knapt ein månad sidan bidrog dei i ein redningsaksjon som kunne ha enda svært dramatisk.

Fredrik Furseth Bjørk, depo- leiar i Norsk Folkehjelp i Årdal fortel at to av personane som nytta seg av turstien i området ikkje fann vegen tilbake då det plutseleg slo om til ekstremt dårleg vær. 

– Folkehjelpa vart tilkalla av politi for å lokalisera og hjelpa dei to personane ned frå fjellet. 

Les òg: Ein nestor i folkehjelpen takkar av

Berga liv

– Hjelpen frå vårt mannskap var med på å berga liv den dagen, seier Furseth Bjørk.

Saman med redningshundar og Røde Kors klarte dei å lokalisera turgåarane. 

– Situasjonen vart svært kritisk fram til me fann dei. Våre folk var dei fyrste på staden og me utførte nødvendig fyrstehjelp for å berga dei, og hjalp dei ned frå fjellet.

– Det endte heldigvis bra, seier Furseth Bjørk. 

Riktig utstyr er avgjerande

Furseth Bjørk seier folkehjelpa er avhengige av å riktig og påliteleg utstyr dersom dei skal kunne berga fleire liv. 

– For at me skal ha moglegheit til å stilla opp og hjelpa til når det trengs er me heilt avhengige av å ha riktig og godt utstyr. 

Furseth Bjørk fortel at han er svært takksam for gåva og har klare planar for kva pengane skal gå til. 

– Det har byrja å skranta litt med bilen vår. Difor har me no starta eit prosjekt der me designar ein spesialtilpassa redningsbil, seier han og legg til:

– Planen er at den alltid skal stå klar til beredskap, slik at me kjem oss fram så snart som råd, når det er naudsynt. 

Prioriterar gode føremål

Tysdag fekk Norsk Folkehjelp Årdal ei pengegåve på 25.000 kroner frå Sognefjord Hamneservice. 

– I staden for å kjøpa julegåve til tilsette og kontaktane til firmaet, vil me heller gje pengar til eit godt føremål fortel Glenn Morten Hestetun, dagleg leiar i Sognefjord Hamneservice. 

Han oppmodar også fleire bedrifter til å gjere det same.

– Eg veit kor vanskeleg det kan vera å få inn peng i slike organisasjonar. Derfor er det viktig for meg å støtta dei som gjer eit så viktig arbeid for bygda. 

Til toppen