Ås: Ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) har NMBU Veterinærhøgskolen gjennom dei siste tjue åra drive aktiv forsking på prionsjkdommar, og den tilfeldige oppdaginga av geiter utan prionprotein var eit viktig gjennombrot i denne forkinga.
– Geita «Priona» har ei arveleg endring i eit gen som gjer at ho ikkje produserer noko prionprotein, og det er det proteinet det går gale med når dyr og menneske utviklar sokalla prionsjukdommer. Dei kjenner me som kugalskap hjå storfe, skrapesjuke hjå sau og Chronic Wasting Disease (skrantesjuke, journ. anm.) hjå hjortedyr, seier Michael A. Tranulis, veterinær og professor i biokjemi ved NMBU.
Les også: Dette var «monsteret» sitt første offer
Les også: Meiner heile villreinsstamma i Nordfjella bør sanerast
Unike geiter
Nærare elleve prosent av norske mjølkegeiter er bêrarar av genvarianten som fører til null prionprotein, melder forskning.no, som omtalte saka i førre veke.
– Desse geitene er heilt unike i verdssamanheng. Ein framståande sveitsisk prionforskar skreiv for nokre år siden at draumen ville vera å oppdaga eit pattedyr – aller helst ein drøvtyggjar - som manglar prionprotein frå naturen si side. Me kan trygt seia at draumen har gått i oppfylling og at resultatet er å finna hjå norsk mjløkegeit, held Tranulis fram.
Les også: Har merka sju villreinar i Nordfjella
Les også: Eit nærast umogleg val
Håpet er at desse geitene utan prionprotein ved NMBU kan vera nøkkjelen til å utvikla verknadsfulle behandlinger for prionsjukdommar og moglegvis måtar å førebyggja sjukdommen på.
Svært lang tidshorisont
Likevel må det mykje forsking til og tidshorisonten er lang før ein eventuelt kan byrja å snakka om resultat i form av metodar for behandling og førebygging, forklarar Tranulis til Porten.no:
– Utsiktene til behandling av prionsjukdommar er magre og tidshorisonten lang – fleire tiår er mitt anslag. Så får eg heller krypa til korset om det skulle dukka opp noko raskt. Det er gjort forsøk med vaksiner i Canada, diverre heilt utan hell.
Creuzfeldt Jakob er variantar av prionsjukdommar som går på menneske, og håpet er kanskje størst for at geitene kan bidra til å finna behandlingsmetodar her:
– Geitene kan læra oss mykje om funksjonen til prionprotein og det kan vera viktig for å finna moglege behandlingar - som kanskje kan innebera gen-terapi, då primært hjå menneske.
Ei stor utfordring er at i den augneblinken symptom har oppstått så er det allereie store skader og prosessen er då utruleg vanskeleg å stoppa eller påverk, forklarar Tranulis vidare:
– Det er som å oppdaga at ein bil kjem mot deg berre ti millisekund før det smell – då rekk du ikkje å koma unna, er biletet forskaren teiknar.
Les også: Denne bukken har symptom som er typisk for skrantesjuke
Les også: Finn du slike må du melda frå