NEDGANG: Industriproduksjonen i 3. kvartal i år gjekk ned med 2,2 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Foto: Norsk Hydro/Flickr.
NEDGANG: Industriproduksjonen i 3. kvartal i år gjekk ned med 2,2 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Foto: Norsk Hydro/Flickr.

Norsk industri fell for tredje kvartal på rad

Industriproduksjonen i 3. kvartal i år gjekk ned med 2,2 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

  • Endret

Årdal/Lærdal: Frå august i fjor til september i år var det derimot ein beskjeden vekst på 0,9 prosent.

Dagens Næringsliv skriv at det på førehand var venta at industriproduksjonen ville falle 0,1 prosent på månadsbasis frå august til september, mens medianen viste eit venta fall på 0,3 prosent.

Sentralbyrået  (SSB) melder at nedgangen kan knytast til ein vedvarande låg produksjon blant leverandørar til olje- og gassektoren, og særleg innanfor bygging av skip og oljeplattformer. Her fall produksjonen med 7,7 prosent. Produksjonsaktiviteten i denne næringa er no på sitt lågaste sidan 4. kvartal 2011.

Andre petroleumsrelaterte næringar hadde også ein tydeleg produksjonsnedgang i den same perioden. Det gjeld maskinindustri, dataindustri, elektrisk utstyrsindustri og metallvareindustrien.

Samtidig var det produksjonsauke i metallindustrien og i papir og- papirvareindustrien i det same tidsrommet.

– Det er eit bratt fall i oljeinvesteringane i år som viser seg no i både Noreg og internasjonalt. Vi trur desse skal falle vidare – både i 2016 og 2017. Så her vil vi få vidare nedgang i industriane som no verkeleg trekkjer ned, seier seniorøkonom Kjersti Haugland i DNB Markets til avisa. (©NPK)

Til toppen