Innovasjon Noreg har på oppdrag frå regjeringa peika ut potensielle marknadar for norske jordbruksvarer. Dei kartla 12 utanlandske marknadar, som alle er store importørar av jordbruksbaserte produkt.
– Marknadane med størst potensial for lønsam eksport av norske jordbruksprodukt er Russland, Kina, Italia, Tyskland, Storbritannia, USA, Dei sameinte arabiske emiratane, Frankrike og Singapore, seier Inger Solberg, direktør for berekraft i Innovasjon Noreg.
Gjennom analysearbeidet er det sett på karakteristikkane til marknadane, forbrukarpreferansar, distribusjonskanalar og føresetningar for norske bedrifter til å bli ein suksessfull leverandør i dei utvalde marknadssegmenta.