OPP OG FRAM: Trea kryp stadig høgare oppover fjellsidene i Lærdalen. Lærdalselvi ligg om lag 1.000 meter lågare enn staden der dette bildet er tatt. Foto: Inger Kristine Volden.
OPP OG FRAM: Trea kryp stadig høgare oppover fjellsidene i Lærdalen. Lærdalselvi ligg om lag 1.000 meter lågare enn staden der dette bildet er tatt. Foto: Inger Kristine Volden.

Norsk rekord for lita bjørk

Det er ikkje så høgt, men står veldig høgt til fjells. Det høgastliggjande treet i Noreg er funne. Kan du tenkje deg kor mange meter over havet?

Lærdal: I tråd med Darwins teori produserer og spreier trea eit stort overskot av frø. Slik er det for alle levande vesen her på kloden. Kall det gjerne spreiingsdynamikk. For trea i fjellet handlar det mellom anna om å finne ly for vinden, næringsrik jord og tilgang til nok vatn.

I Noreg flytter tregrensa seg både høgare opp i fjellsidene og lenger nord i landet, mellom anna fordi det blir varmare.

– Klimaendringane er utan tvil ein sentral del av forklaringa, seier Anders Bryn, førsteamanuensis ved Naturhistorisk museum, som er ein del av Universitetet i Oslo (UiO).

Kor høgt er eit tre?

Saman med stipendiat Peter Horváth og masterstudent Inger Kristine Volden har Anders Bryn tråla Noreg på tvers for å registrere tre i høgtliggjande strøk. Det har heldigvis andre gjort før dei, mellom andre Hanna Resvoll-Holmsen for rundt 100 år sidan, Søren Ve for 70–80 år sidan og Børre Aas for 50–60 år sidan.

Artikkelen held fram under biletet.

1329 MOH: Det øvste treet i Lærdalen får kanskje følgje av fleire bjørker i åra framover, slik at det blir den øvste skogen.
1329 MOH: Det øvste treet i Lærdalen får kanskje følgje av fleire bjørker i åra framover, slik at det blir den øvste skogen.

– Med registreringane deira har vi gode data å jamføre med, og i dei fleste områda ser vi at både tregrensa og skoggrensa går stadig høgare opp, seier Bryn.

Ved hjelp av mange målepunkt i terrenget – i høgtliggjande soner der det er blitt målt før – kan forskarane registrere og samanlikne utbreiinga av trea på fjell og vidder med tidlegare målingar.

For å kunne samanlikne må òg definisjonen av eit tre vere eintydig og samanliknbar mellom ulike kartleggjarar. Bryn, Horváth og Volden har berre tatt med tre som er minst 2,5 meter høge. Trea skal dessutan ikkje vere buskforma, og stammen må vere så tjukk at treet ikkje er bøyeleg om lag halvannan meter over bakken. Når vi snakkar om tregrensa, er det nok at eitt 2,5 meter høgt og stramt tre står åleine. Skoggrensa går der den høgastliggjande gruppa med minimum 15 tre har funne seg til rette.

Når først eitt tre har slått ordentleg rot og vorte stort nok høgare opp i fjellet, tar det som regel ikkje så mange åra før andre tre spirer og gror i dei same omgivnadene. Tregrensa ligg er naturleg nok alltid høgare opp enn skoggrensa, men med åra følgjer skogen etter – sakte, men sikkert, slår Anders Bryn fast.

Artikkelen held fram under biletet.

OPPOVER FJELLET: Spreidde bjørketre i vakker norsk vinternatur. Dei fleste stader i landet kryp tre- og skoggrensa oppover fjellsidene.
OPPOVER FJELLET: Spreidde bjørketre i vakker norsk vinternatur. Dei fleste stader i landet kryp tre- og skoggrensa oppover fjellsidene.

Rekorden er slått

Treentusiast Bryn har gått mange sommardagar i norsk fjellnatur for å leite etter tre i dei områda av Sør-Norge der tregrensa og skoggrensa er på det høgste. Han har mellom anna vore i Femundsmarka, Rondane, Dovre og Jotunheimen.

I fjor sommar fekk han med seg Peter Horváth og Inger Kristine Volden til å finne høgtliggjande tre i Sjodalen (Oppland) og Lærdalen (Sogn og Fjordane). I dei to dalføra er det bratte skråningar opp mot høge fjell på begge sider av dalen.

Og i begge dalføra vart dei tidlegare målte rekordane smadra. Det var Horváth som fann det høgastliggjande treet i Noreg nesten 1.400 meter over havet. Det var ei fjellbjørk, ikkje uventa.

Artikkelen held fram under biletet.

NED: Somme stader er tregrensa i tilbakegang, som her i Femundsmarka i 2016.
NED: Somme stader er tregrensa i tilbakegang, som her i Femundsmarka i 2016.

– Treet stod 1.382 meter over havet i Sikkilsdalen. Aldri før har eit tre vorte registrert høgare opp her til lands. Eg fann òg den høgastliggjande skoggrensa i Noreg i Sikkilsdalen, på 1.334 meters høgd, fortel Horváth, som er stipendiat i geofag ved UiO.

I same området målte Hanna Resvoll-Holmsen grensene i åra 1913 til 1920. Da stod det høgastliggjande treet 1.198 meter over havet, og skoggrensa låg på same høgda. På 100 år har tregrensa i dette området flytta seg 184 meter og skoggrensa 136 meter.

Bra med tre, men ...

Inger Kristine Volden fann òg svært høgtliggjande tre i Lærdalen. I omtrent det same landskapet fann Søren Ve på slutten av 1930-talet det høgastliggjande treet 1.199 meter over havet, mens skoggrensa var 1.191 meter over havet.

– Det høgastliggjande treet fann eg på 1.329 meters høgd. Den høgastliggjande skoggrensa var på 1.268 meter over havet. Det er oppsiktsvekkjande at tregrensa har auka med 130 meter og skoggrensa med 77 meter på cirka 80 år, seier Volden, som tar mastergrad ved Institutt for biovitskap ved Naturhistorisk museum og UiO.

På lokalitetar der det før ikkje var beite, er det først og fremst dei varmare sommartemperaturane som gjer at trea klarer seg høgare opp. Elles er færre beitedyr, nedlegging av seterdrift og mindre hogst og annan utmarksbruk kjente årsaker til gjengroing i Noreg – også til fjells.

Fordi tre bind karbon (via CO2), skulle ein tru at fleire tre i høgda er bra for klimaet, men slik er det ikkje. Forklaringa er at dei høgtliggjande trea bind lite karbon, og at den mørkare overflata til skogen reflekterer mykje mindre solenergi enn ein snødekt fjellvidde.

Artikkelen held fram under biletet.

REKORDTRE: Det høgastliggjande treet i Noreg, som står i Sikkilsdalen, har enno ikkje rokke å bli ein attraksjon. Men her er det.
REKORDTRE: Det høgastliggjande treet i Noreg, som står i Sikkilsdalen, har enno ikkje rokke å bli ein attraksjon. Men her er det.

– Meir skog i fjellet forsterkar med andre ord drivhuseffekten. Det er ikkje berre høgare temperaturar som påverkar vegetasjonen høgt til fjells i Noreg, men meir vegetasjon i høgda påverkar også klimaet. Vi har rekna ut at i ein del område av Norge kan temperaturen auke med opptil 1 grad i delar av året viss det blir meir kratt og skog der, slår Anders Bryn fast.

Fakta

  • Tregrensa blir definert som nivået der det står eitt ganske robust tre som er minst 2,5 meter høgt. Når det gjeld skoggrensa, må det vere ei gruppe med minimum 15 tre med maksimum 10 meters avstand mellom seg.
  • Tregrensa og skoggrensa i Noreg varierer frå landsdel til landsdel. Trea klatrar høgast opp i områda med dei høgaste fjella, det vil seie i og rundt Jotunheimen og andre høgfjellstrøk i Oppland. Tregrensa og skoggrensa går òg svært høgt somme stader aust i Sogn og Fjordane og nord i Buskerud. I dei fleste av desse områda er skoggrensa som regel ikkje høgare enn 1.150 meter over havet, men ein del stader kan trea vekse heilt opp i 1.300–1.400 meters høgd.
  • I andre høgfjellsområde i innlandet i Sør-Noreg ligg skoggrensa på rundt 1.000 meters høgd. Ut mot kysten på Vestlandet blir skoggrensa lågare og går ned til 400 moh. i dei ytre kyststrøka.
  • I nokre få område lengst nord i Finnmark er skoggrensa nede på havnivå, det vil seie at det ikkje er vekstgrunnlag for tre i det heile tatt. Men også i desse områda ser ein no at det veks opp fleire tre, altså at tregrensa flyttar seg nordover i landet.

Artikkelen held fram under biletet.

REGISTRERING: Inger Kristine Volden måler tregrensa på eitt av målepunkta i Lærdalen.
REGISTRERING: Inger Kristine Volden måler tregrensa på eitt av målepunkta i Lærdalen.
  • Tregrensa kryp høgare opp på grunn av klimaendringane, men òg fordi det er andre dyr på beite og mindre utmarksbruk enn før. I samband med seterdrift vart elles tre og kratt hogd ned og brukt til brensel, til dømes i samband med ysting av ost.
  • Dei høgastliggjande trea er som regel fjellbjørk (ein underart av vanleg bjørk). Andre høgtliggjande treartar er rogn, gran og furu. Granskogen etablerer seg gjerne omkring 100 meter lågare enn bjørkeskogen, slik at vi i Noreg stort sett har eit tydeleg bjørkebelte mellom det lysopne fjellet og dei mørke barskogane lenger ned.
  • Ein del stader har tre- og skoggrensa gått ned eller halde seg stabil samanlikna med tidlegare målingar. Tilbakegang kan mellom anna komme av bjørkemålarangrep, auka beiting, snøskred, soppangrep, tørke, storm og snøbrekk (at trea knekkjer i vintrar med mykje snø).
  • Prosessar som driv grensene ned, skjer lokalt, mens temperaturstiginga dei siste hundre åra er meir generell for alle lokalitetane. I lokalitetar som ikkje blir utsette for nokon av dei faktorane som driv tregrensene/skoggrensene nedover, kan trea få ei kraftig spreiing oppover fjellsidene på 100 år. Landsgjennomsnittet viser likevel mykje mindre stiging, ettersom alle målepunkta som er utsette for dei nemnde faktorane for tilbakegang for tre- og skoggrensene, er inkluderte.
Til toppen