Ein kan gjere lite med vêret, men ein kan prøve å varsle korleis det blir. I år feirar Meteorologisk institutt 150-årsjubileum. Foto: Marit Hommedal/NTB scanpix.
Ein kan gjere lite med vêret, men ein kan prøve å varsle korleis det blir. I år feirar Meteorologisk institutt 150-årsjubileum. Foto: Marit Hommedal/NTB scanpix.

Norsk vêrvarsling i 150 år

I dag kan vi finne ut korleis vêret blir mange dagar fram i tid. Norske meteorologar skal ha mykje av æra for det. I år er det 150 år sidan Noreg fekk sin første meteorolog.

Rett skal vere rett. Henrik Mohn vart i 1866 utnemnt til Noregs første professor i meteorologi . Tittelen meteorolog vart først brukt her til lands nesten 40 år seinare.

Mohn var likevel ein meteorolog i ordets rette forstand. Han dreiv med vêrstatistikk, vêrvarsling og vêr- og klimaforsking.

Laurdag 1. desember 1866 starta han arbeidet sitt som den første styraren ved Det norske meteorologiske institutt (DNMI), etablert som ei avdeling ved Universitetet i Christiania.

Datoen vert rekna som fødselsdagen til det som i dag heiter Meteorologisk institutt.

Ei prestetru på vêrvarslinga

Historia om vêrobservasjonar i Noreg starta lenge før opprettinga av Det norske meteorologiske institutt. Presten og naturforskaren Hans Strøm (1726– 1797) og musikaren og altmoglegmannen Johan Daniel Berlin (1714– 1787) blir rekna som to av pionerane i arbeidet med å føre meteorologiske observasjonar.

Artikkelen held fram under biletet.

Innteikning av vêrdata på kart i England under andre verdskrigen. Vêrdataa er rapportert inn frå bombefly på tokt i eit stort område rundt Storbritannia.
Innteikning av vêrdata på kart i England under andre verdskrigen. Vêrdataa er rapportert inn frå bombefly på tokt i eit stort område rundt Storbritannia.

– Presten Hans Strøm hadde mange store tankar om meteorologien og vêrvarslinga. Han trudde at ein ein gong i framtida ville kunne varsle vêret med like stor sikkerheit som ein kunne fastslå banene til himmellekamane, og at ein dermed kunne rekne ut korleis vêret ville bli mange år fram i tid. Det var naturlegvis ein naivt optimistisk tanke. Naturfenomena som styrer vêret, er altfor kaotiske. Det er så mykje som påverkar vêrsituasjonen rundt om i verda at ekspertane i dag er einige om at det ikkje er mogleg å spå vêret for noko særleg meir enn ti dagar fram i tid. Meir enn ti dagar framover blir nemleg usikkerheitsmomenta for store, seier historikar Yngve Nilsen.

Nilsen har saman med historikaren Magnus Vollset skrive den nye boka om Meteorologisk institutt i samband med 150-årsjubileet.

Artikkelen held fram under biletet.

Statsmeteorolog John Smits på kontoret sitt i 1998. På biletet ser vi nokre av hans 51 forskjellige teoriar om korleis morgondagens vêr skulle bli.
Statsmeteorolog John Smits på kontoret sitt i 1998. På biletet ser vi nokre av hans 51 forskjellige teoriar om korleis morgondagens vêr skulle bli.

Krig og forlis

Krimkrigen på 1850-talet, der ein sterk storm førte til at mange allierte skip sokk i Svartehavet, var ei utløysande årsak til at den første stormvarslingstenesta i verda vart oppretta i Frankrike i 1856.

Dei vitskapelege føresetnadane var delvis til stades ved at ein kjente til mykje av det som gjer at vêr oppstår og endrar seg. Og ein kunne dessutan måle temperatur, vindretning, vindstyrke, lufttrykk, råme og nedbør.

I tillegg var den elektriske telegrafen, som kom frå 1840-talet, ein revolusjon med tanke på å sende meldingar over lange avstandar. Vêrobservatørar, som melde frå om vêrsituasjonen på ulike stader, vart engasjert i mange land frå midten av 1800-talet.

I åra rundt 1860 hadde Frankrike, Nederland og Storbritannia etablert storm- og vêrvarslingstenestene ved hjelp av observatørar og telegrafnettet. Å unngå skipsforlis i uvêr var ein sentral grunn til at desse varslingstenestene vart oppretta.

Vêrutsette sjøfolk

Noreg var tidleg med då Det norske meteorologiske institutt vart etablert.

Noreg fekk si første telegraflinje i 1855, og allereie frå 1860 vart det gjort vêrobservasjonar ved fem telegrafstasjonar i landet: Kristiansund, Ålesund, Skudeneshavn, Mandal og Sandøsund (på Hvasser i Vestfold). Derfrå vart vêrobservasjonane sendt vidare til Christiania, medan Skudeneshavn hadde kontakt med Paris, fortel Yngve Nilsen.

Artikkelen held fram under biletet.

Vêrobservasjon på Jan Mayen blei etablert i 1921. Dette er frå 1961 då Loran-C stasjonen var nyetablert. Biletet viser meteorologfullmektig John Hansen, som då overvintra for andre året på rad.
Vêrobservasjon på Jan Mayen blei etablert i 1921. Dette er frå 1961 då Loran-C stasjonen var nyetablert. Biletet viser meteorologfullmektig John Hansen, som då overvintra for andre året på rad.

Det finst eit stort og ukjent tal på historier om norske sjøfolk som har omkomme på havet. Det årlege lofotfisket – som har eksistert i meir enn 1.000 år – er blant anna kjent for ei rekke ulykker. Eitt eksempel er lofotstormen 11. februar 1849. Då forliste svært mange båtar, med eit stort tal på omkomne – truleg ein stad mellom 200 og 500 fiskarar, ifølgje ulike anslag.

På den tida var det enno ikkje vitskapeleg mogleg å varsle vêret, verken i Noreg eller i noko anna land.

Dei første varsla

– Ei av dei viktigaste årsakene til at den norske vêrvarslinga vart oppretta, var å unngå at fiskarar gjekk ut på havet når det var uvêr i anmarsj. På 1800-talet døydde fleire tusen fiskarar og andre sjøfolk i norske farvatn, og mange av ulykkene kunne ha vore unngått med god vêrvarsling, og dersom alle som hadde behov for det, fekk varsla i tide, seier Anton Eliassen, direktør ved Meteorologisk institutt.

I 1868 starta Mohn å utarbeide dei første norske vêrvarsla. Desse vart publisert i Morgenbladet .

Same år sørgde Mohn også for at Noregs tre første stormvarsel vart sendt ut. Det vart gjort under vintersildfisket og lofotfisket. Det hindra derimot ikkje forlis det året også. Berre på éin stormfull dag, nærmare bestemt tysdag 31. mars 1868, omkom bortimot 100 fiskarar utanfor Lofoten.

Til toppen