FÅR STØTTE: Norsk villakssenter skal etter planen bli landsdekkande, med Lærdal som ein av fire einingar. Foto: Ole Ramshus Sælthun 
FÅR STØTTE: Norsk villakssenter skal etter planen bli landsdekkande, med Lærdal som ein av fire einingar. Foto: Ole Ramshus Sælthun 

Norsk villakssenter (ikkje berre Lærdal) får tre nye millionar over statsbudsjettet

Villakssenteret i Lærdal er eitt av fire slike senter i Norge. No er dei eit steg nærare å kunne slå seg saman og bli landsdekkande.

Lærdal: Dei fire laksesentra i Lærdal, Namsos, Agder og Tana (det siste er framleis under planlegging) har sidan 2012 jobba for å slå seg saman til ein landsdekkande organisasjon. Tysdag fekk dei drahjelp i form av tre millionar i budsjettavtalen mellom Høgre, Frp, Krf og Venstre.

– Sannsynlegvis betyr dette at me er i ferd med å få gjennomslag for at dette skal bli ein realitet. For oss er det eit steg i rett retning og det vil i så fall bidra til å utvikla villakssenteret i Lærdal òg, seier rådmann Alf Olsen jr., som er styreleiar i Norsk villakssenter.

FORSIKTIG OPTIMIST: Alf Olsen jr., styreleiar i Norsk villakssenter, gler seg over tildelinga, men vil ikkje ta heilt av før det blir klart kor pengane skal gå.
FORSIKTIG OPTIMIST: Alf Olsen jr., styreleiar i Norsk villakssenter, gler seg over tildelinga, men vil ikkje ta heilt av før det blir klart kor pengane skal gå. Bilde: Truls Grane Sylvarnes

Dette er det andre tilskotet dei får over statsbudsjettet. Det førre gjekk til etableringa av eit nytt senter i Tana. Korleis desse tre millionane skal fordelast blir først klart når Klima- og miljødepartementet sender ut tildelingsbrevet i februar eller mars.

– Dette betyr at halvparten av pengane som trengst for å få fullfinansiert eit villakssenter med fire einingar er løyvde. No er dette heilt nytt, så det er for tidleg å slå fast akkurat kva det betyr, men det er ein god start, seier Frode Staldvik, leiar for Kunnskapssenter for Laks og Vannmiljø i Namsos.

Han fortel at dei fire sentra etter planen skal ha felles styre og leiing og at drifta mellom dei blir koordinert. Alle vil ha kvart sitt ansvarsområde og villakssenteret i Lærdal skal dekka Vestlandet.

– Det betyr at me blir mykje meir koordinerte, at me framstår med èi stemme utad og får større slagkraft i kampen for interessene til villaksen, sjøauren og sjørøya, seier han.

Til toppen