STRENGARE: Endringane til EU av regelverket vil føra til strengare regulering av vanlege jegarar og skyttarar. Foto: Arkiv. 
STRENGARE: Endringane til EU av regelverket vil føra til strengare regulering av vanlege jegarar og skyttarar. Foto: Arkiv. 

Norske jegarar kan bli ramma av strengare våpenreglar i EU

– Dei nye forslaga gjer det svært vanskeleg å drive med lovleg jaktaktivitet, seier Aleksander Øren Heen (Sp), fylkesrepresentant på Stortinget.  

Årdal/Lærdal: Senterpartiet er uroa over at EU sitt føreslåtte våpendirektiv vil kome til å råke det lovlydige jegar- og skyttarmiljøet i Noreg hardt.  

– Lovlege våpen er ikkje det som blir brukt i kriminalitet, seier Aleksander Heen, som også er leiar for rovviltnemnda i region 1 (Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder). 

Justispolitisk talskvinne Jenny Klinge i Senterpartiet meiner det er fornuftig med tiltak som motverkar terror og valdskriminalitet, men understrekar overfor NTB at EU-direktivet no går altfor langt.

Forbod mot halvautomatiske våpen

Det nye våpendirektivet til EU innebere eit forbod mot nesten alle typar halvautomatiske våpen. 

– Det har ikkje vore nytta våpen i kriminelle handlingar frå det organiserte skyttarvesenet som eg veit om, seier Heen. 

I tillegg vil EU at det skal vera krav om legeattest kvart femte år.

– Eg trur ikkje ein får ned kriminalitet med våpen ved å innføra ein obligatorisk legeattest kvart femte år. Stortinget treng ikkje akseptera alt som kjem frå EU. Saka har endå ikkje vore oppe i Stortinget, seier Heen, som ikkje er samd i forslaget frå EU. 

Innstrammingane som omhandlar jaktvåpen, har ingen dokumentert effekt i forhold til kamp av terror, ifølgje Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF).

IMOT: Aleksander Øren Heen (Sp) ønskjer ikkje strengare våpenlover i Noreg.
IMOT: Aleksander Øren Heen (Sp) ønskjer ikkje strengare våpenlover i Noreg.

Strengare regulering av jegarar

Dei føreslåtte endringane av regelverket vil føra til strengare regulering av vanlege jegarar og skyttarar.

Forbod mot våpen som utelukka blir brukt til jakt og konkurranseskyting, er eit solid feilskjær, meiner NJFF.

– Jakt er ein aktivitet med svært lange tradisjonar i Noreg. I dag må ein ha løyve frå politiet for å ha våpen. Me har allereie nokre av dei strengaste våpenlovene i verda og eg meiner at desse nye reglane berre vil kriminalisera lovlege våpeneigarar, seier Heen. 

Gjennom EØS-avtalen er Noreg forplikta til å innføra EU-direktivet som gjelde den indre marknaden. 

– Det er viktig å regulera viltbestanden og for å gjere det treng ein jegarar som har løyve til å bruke våpen. Her er det snakk om verdiskaping i samfunnet vårt og matuttak for næringa. Dette er inntektsmoglegheita for mange grunneigarar i Noreg. Desse reglane gjer det mykje vanskelegare å drive ein aktvitet som er heilt lovleg, avsluttar Heen.   

Til toppen