NATURTRU: Dyrare kunstige tre er så naturtru at du må ta på dei for å avsløre at det ikkje er er ekte vare. Dyraste treet er til venstre. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix / NPK
NATURTRU: Dyrare kunstige tre er så naturtru at du må ta på dei for å avsløre at det ikkje er er ekte vare. Dyraste treet er til venstre. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix / NPK

Norske juletreprodusentar fryktar ikkje plasttre

I fleire år har forhandlarar meldt om auka sal av kunstige juletre. Men salet av ekte tre er stabilt, og norske juletredyrkarar klarar ikkje å produsere nok til å dekke etterspørselen.

– Vårt inntrykk er at salet er veldig stabilt, vi har ikkje hatt nokon nedgang på grunn av plasttre, seier styreleiar Bjørn Helge Bjørnstad i bransjeorganisasjonen Norsk Juletre til NTB.

Han reknar med at om lag 90 prosent av norske husstandar har juletre, og at 80 prosent av desse er ekte vare:

– Våre om lag 450 medlemmer over heile landet leverer rundt 1,5 millionar tre kvar jul. Det er ikkje nok, så vi må framleis importere frå Danmark.

Haussa opp

Bjørnstad trur det kunstige juletreinnslaget er haussa opp:

– Vi registrerer at det har vore ein jamn auke i salet av plasttre, men sidan det ikkje går ut over vårt sal, trur eg dette dreier seg om at folk har juletre i fleire rom eller ute.

Alle store forhandlarar av kunstige juletre NTB har kontakta, melder om salsauke i fjor og ny, forventa salsauke på om lag 20 prosent i år. Sortimentet er utvida og inkluderer no tre som kostar frå eit par hundrelappar og opp til 35.000 kroner, med og utan innebygde lys, med og utan snø eller andre effektar.

Artikkelen held fram under biletet.

FLEIRE VARIANTAR: Butikkane har fleire variantar i utstillinga, og noko av årsaka til oppsving i marknaden for plastikktre kan vere at folk ynskjer å ha fleire juletre.
FLEIRE VARIANTAR: Butikkane har fleire variantar i utstillinga, og noko av årsaka til oppsving i marknaden for plastikktre kan vere at folk ynskjer å ha fleire juletre.

– Trenden er at fleire vel eit kunstig tre med god kvalitet, dei med såkalla «ekte nåler», som ser så naturtru ut som mogleg. Dei finaste er handmåla, for å sjå mest mogleg ekte ut. Ein skal kjenne på det for å oppdage at det er eit kunstig tre. Kundane ønskjer ofte fleire tre i huset: På barnerom, ved inngangsparti og på innglasa terrassar. Mange feirar også jul på hytta og tar med eit kunstig tre dit. På hytta pyntar dei treet tidleg, slik at alt er klart til dei kjem, seier Aase Moland ved Hageland kjedekontor.

Kresne

Kravet til at kunstige tre skal sjå naturtru ut, ser paradoksalt nok ut til å gå hand i hand med eit krav om at ekte tre ser kunstige ut:

– Det er vel den einaste store endringa vi har opplevd i marknaden dei siste åra: Folk stiller oftare krav til at trea skal sjå symmetriske og fyldige ut, som eit slikt formklipt tre frå Disney-teiknefilmane, seier Bjørnstad i Norsk Juletre.

Artikkelen held fram under biletet.

SPINKELT: Julekvelden 1953. Julegrana den gong er i dag i stor grad bytt ut med fyldigare variantar, som edelgran.
SPINKELT: Julekvelden 1953. Julegrana den gong er i dag i stor grad bytt ut med fyldigare variantar, som edelgran.

Han opplever også auka krav om at tre skal vere haldbar – ikkje drysse.

– Vi ser også ei dreiing mot at fleire truleg set opp treet tidlegare i advent, slik at vi begynner salet no i byrjinga av desember. Men 75– 85 prosent av salet er framleis veka før jul. I år, med julaftan på torsdag, veit vi av erfaring at tresalet blir helga før.

Til toppen