RINGJER FOR ALEPPO: Bispemøtet og Kyrkjerådet har sendt ei oppmoding til alle kyrkjene i landet om å ringe med kyrkjeklokkene førstkommande søndag klokka 13 «i solidaritet med det lidande folket i Syria og Irak».​ Farnes kyrkje er blant kyrkjene som deltar. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Norske kyrkjeklokker skal ringe for Syria og Irak

Bispemøtet og Kyrkjerådet har sendt ei oppmoding til alle kyrkjene i landet om å ringe med kyrkjeklokkene førstkommande søndag klokka 13 «i solidaritet med det lidande folket i Syria og Irak».

  • Endret

Årdal: – Som ein del av den verdsvide kyrkja oppfordrar vi til forbønn og klokkeringing i solidaritet med Syrias og Iraks lidande folk, seier preses Helga Haugland Byfuglien.

Oppmodinga er inspirert av aksjonen #BellsForAleppo, der kyrkjer ringjer med klokkene for offera i Aleppo. Det heile starta sist veke i ei kyrkje i Finland, og no har over 450 kyrkjer over heile verda delteke, ifølgje Kyrkjeverdsrådet.

I ei pressemelding minner også Kyrkjerådet om at det denne søndagen er NRKs TV-aksjon, som går til Røde Kors og blant anna arbeidet dei gjer for å skaffe mat, vatn og medisinar til millionar av nødlidande menneske i Syria.

– Ringinga med kyrkjeklokkene i heile landet vil også vere med på å streke under betydninga av TV-aksjonen og engasjementet den skaper, seier direktør i Kyrkjerådet, Jens-Petter Johnsen.

Det er svært sjeldan norske kyrkjer brukar kyrkjeklokkene utanom gudstenester og kyrkjelege handlingar, men Bispemøtet og Kyrkjerådet kan i spesielle situasjonar oppmode om dette. (©NPK)

Til toppen