STOR TILSTRØYMING: Tilstrøyminga til kjende turiststader som Geiranger og Flåm er no så stor at reiselivsnæringa må vurdera å setja foten ned i høgsesongen. ​Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STOR TILSTRØYMING: Tilstrøyminga til kjende turiststader som Geiranger og Flåm er no så stor at reiselivsnæringa må vurdera å setja foten ned i høgsesongen. ​Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls G. Sylvarnes)

Norske turistperler mot eit mettingspunkt

Tilstrøyminga til kjende turiststader som Geiranger og Flåm er no så stor at reiselivsnæringa må vurdera å setja foten ned i høgsesongen. 

Flåm: – Både Geiranger og Flåm opplever til tider rett og slett for mange til same tid. Men også stader som Bergen og Stavanger. Spesielt når det er mykje cruiseskip inne, kombinert med mykje turistar på land, så kan det opplevast som svært fullt, seier administrerande direktør Kristian B. Jørgensen i Fjord Norge til NRK.

Det har ført til at enkelte turoperatørar for rike turistar no lèt vera å koma til Flåm i høgsesongen og heller vel å reisa andre stader.

– Dei har marknadsført urørt natur og ønskjer å gje kundane sine det ekte fjordnoreg. Difor vel dei andre reiseruter, seier han.

Ifylgje NRK var det i fjor nesten 1,5 millionar turistar berre i Flåm, og tilstrøyminga held fram i år. Ikkje minst er det stadig fleire asiatar som er i ferd med å oppdaga Noreg. Jørgensen fortel at den kinesiske marknaden berre til no i år har auka med 100 prosent samanlikna med i fjor.

Direktør for Aurland Ressursutvikling Solrun Hjelleflat seier dei no nesten har nådd eit mettingspunkt i juli. Både ho og Jørgensen meiner det er viktig å spreia turisttrafikken på fleire månader i året for å unngå masseturisme og negativt omdømme.

(©NPK)

Til toppen