NORSKSENTER: Leiar for kultur og oppvekst i Lærdal kommune, Torunn Liltved, seier at norsksenteret vil bli lokalisert i sentrum av Lærdal. Foto: Camilla Skjær Brugrand
NORSKSENTER: Leiar for kultur og oppvekst i Lærdal kommune, Torunn Liltved, seier at norsksenteret vil bli lokalisert i sentrum av Lærdal. Foto: Camilla Skjær Brugrand

Norsksenter startar opp i august

Tilbod om norskopplæring for flyktningar og arbeidsinnvandrarar vil vere oppe å gå i Lærdal på slutten av sommaren. 

Lærdal: I februar vedtok kommunestyre i Lærdal å starta opp med norskopplæring i kommunen. 

– Det er viktig at dei flyktningane som har blitt busett i Lærdal blir ein del av miljøet og at folk vert skikkelig kjent med dei, seier Torunn Liltved, leiar for kultur og oppvekst i Lærdal kommune. 

Løyst frå avtale med Sogndal

Lærdal har fram til no hatt ein munnleg avtale med Sogndal Norsksenter om å senda alle flyktningane som er busett i kommunen dit på opplæring. 

– Denne har me bedt dei om å bli løyst i frå, kommande august. Dette avslo Sogndal, då dei meinte at me måtte halde oss til kontrakten i eit år til, seier Liltvedt. 

Sogndal ønskjer ikkje å bryte kontrakta grunna budsjettet deira for 2016 og tilskot som dei får for å ha norskundervisning. 

Tysdag denne veka møtte Liltvedt kommunalsjef i Sogndal og rektor for språkopplæringa. 

– Me landa på eit kompromiss. Frå august skal nokre av dei nyaste flyktningane starte opp med grunnopplæring i Lærdal, medan dei som har komme lengre i opplæringa, skal halde fram i Sogndal til nyttår, seier Liltvedt. 

Ho meiner det er viktig å visa omsyn til flyktningane som allereie er godt i gang i Sogndal, og lata dei få fortsetja der. 

Nye arbeidsplassar 

Busette flyktningar og asylsøkjarar har rett på opplæring i norsk og samfunnsfag. Opplæringa som statar opp i Lærdal i august vil bestå av 250 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap. 

– Det vi har sett på er nye stillingar som tilsvarar 1,6 årsverk. Me kjem ikkje til å starte opp for fullt i startfasen. Norsksenteret kjem til å ligga sentralt i Lærdal sentrum, men det er ikkje bestemt kva lokale som skal nyttast.  

Per i dag er det 14 busette flyktningar i Lærdal som har rett til grunnopplæring, og dette talet vil auke i takt med busettinga av nye. 

– Me vil forsøke å kome med eit eige tilbod til andre framandspråklege som ikkje er flyktningar. Til dømes arbeidsinnvandrarar. Dette kan leggast til kveldstid, dersom det er ønskeleg, seier Liltvedt. 

Arbeidsinnvandrarar har ikkje rett til opplæring, men det er likevel ei målgruppe for vaksenopplæring i kommunen.

Studietur til Årdal

Representantar frå Lærdal kommune skal reise på studietur til Årdal for å lære meir om korleis det er å drive eit norsksenter. 

– Me ønskjer å få råd om løysingar for språkopplæring og kjem også til å ha ein dialog med senteret i Sogndal om dette, seier Liltvedt. 

Ein del av språkopplæringa går ut på å ha språkpraksis i bedrifter for å læra å praktisera språket i ein arbeidssituasjon. 

– Språkpraksisen til flyktningane er i Lærdal. Difor er det greitt att sjølve introduksjonsprogrammet og opplæringa også vert lagt til kommunen, avsluttar Liltvedt. 

Til toppen