IKKJE UROA FOR USA SIN TOLLMUR: Direktør i Norsun, Svenn Ivar Fure, seier det truleg ikkje vil få negative fylgjer for Norsun i det heile at den amerikanske administrasjonen byggjer opp tollmur for å hindra import av solcellepanel frå utlandet.
IKKJE UROA FOR USA SIN TOLLMUR: Direktør i Norsun, Svenn Ivar Fure, seier det truleg ikkje vil få negative fylgjer for Norsun i det heile at den amerikanske administrasjonen byggjer opp tollmur for å hindra import av solcellepanel frå utlandet.

Norsun-direktøren: – Eg trur ikkje Trump-vedtaket vil få negative fylgjer for Norsun i Årdal

Marknaden for solcelleskivene som vert produserte i Årdal er i Europa, og ikkje i USA. Dermed har ny Trump-skatt lite å seia, forklarer direktør i Norsun.

Årdal: – Vedtaket er sjølvsagt noko me legg merke til, seier den administrerande direktøren i Norsun, Svenn Ivar Fure.

Donald Trump har nyleg annonsert at USA innfører straffetoll på solpanel som vert importerte til USA. I fyrste omgang vert straffetollen på 30 prosent og so vert han gradvis redusert til 15 prosent over dei neste fire åra.

Fure trur styresmaktene i USA ikkje fyrst og fremst innfører tollen for å gjera amerikanske solceller konkurransedyktige på pris i heimemarknaden. Snarare er det fordi dei vil hindra utflagging av amerikansk solcelleindustri.

Somme av kritikarane i USA hevdar at vedtaket til Trump kjem for seint, ettersom det berre er to solcelle-produsentar att i landet som enno ikkje har flagga ut. 

Regjeringa Trump sitt vedtak råkar fyrst og fremst den konkurrerande solpanel-industrien i Asia. 

Norsun leverer komponentar til Asia og Russland, men vert likevel ikkje råka av Trump sitt tiltak

På Årdalstangen produserer Norsun ein av komponentane som inngår i solpanel som vert laga i Russland og i mange asiatiske land. Denne komponenten er silisiumskiver, stundom òg kalla «waferar» på norsk, etter det engelske ordet. 

På spørsmål om kor stor prosentdel av produksjonen i Årdal som vert eksportert vidare til USA, er faktisk svaret, per i dag, null. 

– Vår produksjon rettar seg mot marknaden i Europa og i Russland, og aller mest mot den franske marknaden, fortel Fure.

Skivene går altså frå Årdal til Asia og Russland, der dei vert komponentar i solcellepanela, og so til marknaden i Europa og Russland. 

Likevel er ikkje restriksjonane som Trump innfører noko Norsun ynskjer, ettersom dei kan resultere i tøffare konkurranse på verdsmarknaden. Men slik stoda er no, trur Fure uansett at Norsun står godt rusta.

For deira del har problemet hittil vore at verket i Årdal ikkje har kapasitet til å produsera so mykje som dei hadde ynskt. Marknaden er langt ifrå metta. 

Norsun unik både i norsk og i europeisk samanheng

Norsun er ein av få aktørar i Europa som lagar silisiumskiver. At den energikrevjande fabrikken i Årdal er drifta med rein fossekraft frå Sogn, gir Norsun eit konkurransefortrinn, især i Frankrike. 

– Når store kontraktar på utbygging av solenergi vert vedtekne i Frankrike, stiller me sterkt i anbodskonkurransane. Medan det mange andre stader i verda berre er pris som avgjer kven som vinn konkurransen, er miljøaspektet særleg viktig på franske auksjonar. Og då kjem me godt ifrå det.

Dermed er det altso attraktivt for asiatiske produsentar å kjøpa silisiumskiver frå Årdal, for det hjelper dei å vinna kontraktar. 

Og det rokkar ikkje Trump sitt nye grep noko ved.

Til toppen