NORSUN: Doblar kapasiteten.
NORSUN: Doblar kapasiteten. (Foto: Arkiv)

NorSun doblar kapasiteten og investerar 515 millionar: – Stor dag

Vil auka produksjonskapasiteten i Årdal, skriv selskapet i ei pressemelding.

Årdal: Selskapet har gjennomført ein emisjon på 230 millionar kroner for å dobla produksjonskapasiteten, innføra ny teknologi, samt redusera einingskostnadane monaleg. 

Det er tysdag morgon at selskapet har gjennomført ei ekstraordinær generealforsamling der denne emisjonen blei godkjend. 

Fabrikksjef: – Heilt fantastisk

160 millionar av investeringane kjem frå Nysnø Klimainvesteringer og ABN AMROs, medan resten kjem frå eksisterande aksjonærar.

Emisjonen blir følgd av ytterlegare 285 millionar kroner i lån og tilskot frå Enova og Innovasjon Norge, noko som sikrar selskapet 515 millionar kroner totalt.

– Dette tykkjer eg er heilt fantastisk. Det er ein stor dag for NorSun at me har moglegheita til å doble kapasiteten og at me har fått inn over ein halv milliard, seier Steinar Talle, til Porten.no.

– Det er ikkje ofte det skjer i Sogn og Fjordane. Me skal ha allmøte seinare i dag med feiring og kake.

– Kor lenge har de jobba med dette?

– Me har jobba veldig lenge for å få på plass detaljane. Me har hatt godt samarbeid med både Årdal kommune, Hydro og næringslivet, avsluttar Talle, før han går til eit nytt møte. 

Dobla produksjonen til 1.000 MW

NorSun har produsert n-type monokrystallinske wafere til høg-effektive solceller i meir enn ti år ved produksjonsanlegget i Årdal. Det har ein kapasitet på 450 MW per år, og no er monokrystallinske wafere i ferd med å bli den nye standarden i solenergiindustrien.

For å opprettholda og auka marknadsdelen vil NorSun meir enn dobla produksjonen til 1.000 MW per år, kjem det fram i pressemeldinga.

– I eit marked som veks raskt for monokrystallinske wafere, har NorSun utvikla planar for å auka kapasiteten og ta i bruk ny produksjonsteknologi. Me er meget godt nøgde med at både nye investorar, Nysnø og ABN AMRO, og eksisterande aksjonærar har vurdert desse planane som attraktive, seier John Andersen jr., styreleiar i NorSun.

Til toppen