LYS FRAMTID: Solcellepanelmarknaden kjem til å ha ein voldsom vekst framover. Hovudelementet i desse er wafer, og dei er det Norsun som produserer. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
LYS FRAMTID: Solcellepanelmarknaden kjem til å ha ein voldsom vekst framover. Hovudelementet i desse er wafer, og dei er det Norsun som produserer. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

Norsun er utseld ut året

Solcellepanelmarknaden kjem til å ha ein voldsom vekst framover. Hovudelementet i desse er wafer, og dei er det Norsun som produserer. 

Årdal: Solkraft er i vinden som aldri før. Solcellemarknaden har hatt ein eksplosiv auke globalt, og no er Noreg i ferd med å følgje etter.

I dag kjem to prosent av energitilførselen frå sol. For to år sidan var det éin prosent. To år før det igjen ein halv prosent. Denne utviklinge kjem til å halde fram. Fossil energiproduksjon må reduserast for å ivareta kloden.

– Eg trur det kjem til å gå raskare enn mange prognosar fordi teknologiutviklinga går så fort, seier Steinar Talle, som er fabrikksjef for Norsun i Årdal. 

Først i fjor gjekk bedrifta med overskot, men no skin sola sterkt selskapet. Talle fortel dei har vore utseld lenge og at framtida ser lys ut. 

Norsk soleksplosjon

I august skreiv Teknisk Ukeblad om den norske soleksplosjonen, der fire norske leverandørar av solcellepanel blei bedne om å gi nøkterne anslag over kor mykje dei rekk å installere i år.

GÅR FORT: Fabrikksjef Steinar Talle seier utviklinga går svært raskt.
GÅR FORT: Fabrikksjef Steinar Talle seier utviklinga går svært raskt.

Stemmer tala, vil det åleine gi ein betydeleg vekst for solenergi i Noreg med ei dobling i installert solkraftkapasitet. Me snakkar då om ein vekst på 150 prosent i 2016.

– Og for å setja ting litt i perspektiv: I Noreg var det ein kraftig auke i 2014, men på berre tre veker installerte ein det same i Sverige, seier Talle.

Prisane på straum på veg ned

Globalt har solcellemarknaden hatt ein eksplosiv auke. Prisane på straum frå solpanel har gått kraftig ned i mange marknader, og fleire stader er solenergi billigare enn andre alternativ. Prisane globalt vil forsetta å gå ned grunna teknologiutvikling, betre finansiering, fleire aktørar og reduserte installasjonskostnader.

– Utviklinga går så raskt at til og med Det internasjonale energibyrået som skal estimere korleis dette går, bommar ofte. Dei tar altfor lite i og har bomma på fleire prognosar. Det er sikkert ikkje lett å spå, men det vil verta meir og meir sol, legg han til. 

Også på teknologifronten utviklar ting seg raskt. Tidlegare i år investerte fabrikken i Årdal 70 millionar i ny sagteknologi som gjer at svinnet vert mindre. 

– I tillegg har me utvikla ein ny type ingot som gir høgare effektivitet. Når ingoten blir saga om til wafer, har ein av våre viktige kundar SunPower sett verdsrekord med effektivitet på 24,1 prosent. At det er skjedd med vår wafer er skikkelig moro, fortel Talle.

– Det er veldig spennande, og det skjer mykje. Kostnadene ved å produsere batteri er i ferd med å gå kraftig ned, og i sum kan du få eit eige straumsystem som er uavhengig av straumnettet. I Tyskland er det 20 000 hushaldningar som er heilt uavhengige av straumnettet.

Artikkelen held fram under biletet. 

INVESTERER: Også på teknologifronten utviklar ting seg raskt. Tidlegare i år investerte fabrikken i Årdal 70 millionar i ny sagteknologi som gjer at svinnet vert mindre. 
INVESTERER: Også på teknologifronten utviklar ting seg raskt. Tidlegare i år investerte fabrikken i Årdal 70 millionar i ny sagteknologi som gjer at svinnet vert mindre. 

Gode salsargument

Eit godt salsargument for Norsun er det også at waferane er produsert med vasskraft. 

Solcellene kan også integrerast i taksteinar, vindaugsfasadar og car-portar. Utviklinga og applikasjoaer for solcelle går fort framover.

– Enkelte trur det må masse sol til, men ein kan jo teste ut slike lamper som ein set ut i hagen. Sjølv i Årdal på gråvêrsdagar lyser lampa når mørket kjem. 

Framtidsretta industri i Årdal

Og sjølv om sola forsvinn bak fjella i Årdal om vinteren, kan det bety mykje for bygda at slik framtidsretta industri ligg nettopp her.

– Utfordringa når kostnadene går ned, er inntektene. Difor jobbar Norsun kvar dag med forbetringar og ser på kor mykje det kostar å produsere. Dei som er best, vil vinna marknaden. Det er prisen som tel. Norsun har ein god organisasjon som utviklar seg raskt i tråd med marknaden.

Til toppen