Årdal: Det er Enova som skriv dette i ei pressemelding onsdag. Også Elkem Solar i Kristiansand får støtte.
– Det viktigaste me skal gjere er å auke produksjonen med 30 prosent frå i dag. Me skal mellom anna ha inn ei ny profuksjonslinje av wafer, og så skal me bytta ut ei gamal ei, fortel Steinar Talle, som er fabrikksjef.
I 2017 skal dei også jobbe med andre vekstprosjekt i alle produksjonsavdelingane sine. I den samanheng har dei fått 28,8 millionar i støtte frå Enova.
– Det masse gode ting som er på gang, seier han.

Store mål
I Årdal vert det produsert silisiumblokker, også kalla ingot, som vert sagd opp i syltynne skiver eller wafer. Etter investeringane i ny teknologi i år, er dagens breidd på vaieren 80 mikrometer
– I 2017 skal me ned på 60 mikrometer. Då får me fleire wafer ut av kvar blokk. Det er veldig viktig for kostnadene våre, forklarar Talle.
Målsetnaden hans er å bli verdas billigaste leverandør av wafer for å bli ettertrakta i marknaden. Då må ein auke volumet og ta ned kostnadene.
– Den viktigaste kostnadsreduksjonen me gjer er teknologiske betringar, og det er også det mest morosamme å jobbe med, legg han til.
Fem arbeidsplassar
Den nye produksjonslinja kjem på plass i mai neste år og vil då gi fem ekstra arbeidsplassar.
– Me ser no teikna til ei revitalisering av ein bransje der det sa omtrent fullstendig stopp i 2008 grunna finanskrisa og prisfall i Kina. Solenergi blir no stadig meir konkurransedyktig og er faktisk i ferd med å bli den billigaste energikjelda enkelte stader i vrda. Det gir betydelege vekstmoglegheiter for produsentar som er gode på kvalitet og kostnad, og der både Norsun og Elkem Solar i front, seier administrerande direktør i Enova, Nila Kristian Nakestad.
Også statsminister Erna Solberg nevnte spesifikt Norsun i Årdal og Elkem Solar i sin halvårstale onsdag.
– Dette er prosjekt som viser at Noreg er leiande på solenergisida sjølv om me er i første fasen av det. Norsk silisiumproduksjon er verdsleiande i solcellenæringa, sa ho.