Årdal: – Det er ei støtte for å utvikla framtidas heilautomatiske waferlinje, seier forskningssjef i NorSun, Øyvind Nielsen.
Les også: Norsun får millionar i støtte til å auke produksjonen
Les også: Auka omsetnaden med 30 prosent frå 2015
Innovasjon Norge skriv i ei pressemelding at næringslivet i Sogn og Fjordane i 2016 mottok rekordmykje støtte frå dei; 125 millionar kroner
– Dette beløpet har aldri vore høgare. Om lag ein tredjedel av tilskotskronene har gått til utvikling i landbruket og om lag ein fjerdedel er regionale utviklingsmidlar som kjem via Sogn og Fjordane fylkeskommune, seier direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane.
– Pengar til langsiktig utvikling spesielt kjærkomne
– Ekstra gledeleg er det i 2016 at vi har brukt tjue millionar til miljøteknologi, seier Flatland og trekkjer spesielt fram ei stor løyving til NorSun i Årdal.
Og løyvinga til NorSun er altså på ti millionar kroner, som skal betra kvaliteten på waferen på sikt.
– Dette er det mest manuelle prosessteget i dag, og ved heilautomatisering vil det gjera prosessen billegare og betra kvaliteten på waferen. Så dette arbeidet betyr veldig mykje - solcelleproduksjon er ein vanskeleg bransje å jobba i med tøff konkurranse frå Kina, seier Nielsen.
Han fortel vidare at pengar til langsiktig utvikling er spesielt kjærkomne:
– Det er vanskeleg for oss å sjølv å finansiera slikt som dette, og då er det bra å få offentleg støtte til utvikling som ser langt framover. Og dette er altså for å produsera konkurransedyktig i Noreg, som igjen gir potensiale for vekst.