STOR FORNYBARLEVERANDØR: Medan oljeleverandørane slit, er norsk fornybarteknologi aukande. Og på topp ti-lista over største norske fornybarleverandørar finn ein Norsun. 
STOR FORNYBARLEVERANDØR: Medan oljeleverandørane slit, er norsk fornybarteknologi aukande. Og på topp ti-lista over største norske fornybarleverandørar finn ein Norsun.  (Foto: Arkiv)

Norsun i toppen av fornybarleverandørar

Medan oljeleverandørane slit, er norsk fornybarteknologi aukande. Og på topp ti-lista over største norske fornybarleverandørar finn ein Norsun. 

Årdal: I 2015 selde norske bedrifter varer og tenester innan fornybar energi for over 11 milliardar kroner til utlandet – ein auke på tre milliardar frå året før, skriv Teknisk Ukeblad

Og på toppen av lista med dei største fornybarleverandørane finn ein Scatec Solars, som utviklar og bygg ut solkraftverk dei sjølv eig og driv. 

– Solenergi har blitt ei konkurransedyktig energikjelde. Me ser at stadig fleire myndigheiter og land ser fordelar av å fremja investeringar i denne teknologien. Det er den etterspurnaden som driv fram vår vekst, seier utlånsdirektør i Eksportkreditt Norge til tu.no.

Og på ein femteplass over desse selskapa finn ein Norsun, som har ein fabrikk i Årdal. Utlånsdirektør Ivar Slengesol i Eksportkreditt Norge løftar fram selskapet saman med Elkem Solar som døme på klassiske eksportbedrifter. 

Teknisk Ukeblad skriv vidare at samanlikna med oljeleverandørane er fornybarleverandørane framleis små, men at talet på arbeidsplassar kryp sakte oppover. 

Til toppen